![Sandnes kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/20/9/358/032/039_a332b0a0-e745-4e81-8df8-6c848f6934bc.jpg)
![Klepp kommune logo](https://images.finncdn.no/mmo/logo/object/1223251621/klepp_kommune.png)
Avdelingsleiar
Klepp kommune
- Frist 04.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsleiar
Kleppe skule har ledig fast stilling som avdelingsleiar.
Kleppe skule er ein barneskule sentralt i Klepp kommune med 480 elevar. Vi har eit flott personal med mykje kompetanse og eit godt arbeidsmiljø.
Saman arbeider vi for å skape ein skulekvardag der elevane opplever meistring, lærelyst og inkludering i eit trygt og godt miljø.
Vi har eit stort, godt uteområde og har nettopp bygd på skulen med stor og flott aula og kantine. Det er gode turområder i gå og sykkelavstand som vi bruker aktivt i undervisninga.
I Kleppskulen er kjernekomponentane den engasjerte elev, profesjonelle læringsfellesskap og læreplanforståing.
Skulane i Klepp er del av Jærskulen, eit interkommunalt samarbeid om skuleutvikling saman med Hå, Time og Gjesdal.
Stillinga er fordelt med 70% leiing og 30% undervisning.
Arbeidsoppgåver og ansvarsfordeling vil vere utifrå kompetanse og skulen sitt behov, det er stor moglegheit for å sjølve kunne påvirke ansvarsområder, både pedagogiske og administrative.
Du må vere ein god relasjonsbyggar både internt i personalet og ut mot elevar, føresette og samarbeidspartnerar.
Du må kunna skapa struktur, vere ansvarsbevisst og trivast i ein hektisk kvardag. Avdelingsleiar vil inngå i skulen si leiargruppe saman med to andre avdelingsleiarar, SFO-leiar og rektor. I administrasjonen er det i tillegg konsulent og to sosialrådgjevarar.
Arbeidsoppgåver
- tilrettelegg du for pedagogisk utviklingsarbeid og deltek i det profesjonsfaglege læringsfellesskapet
- følgjer du opp personal og elevar
- bidreg du i elevsaker saman med eleven sjølv, lærarane og føresette
- bidreg du til eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø
- har du ansvar for bemanning, fråvershandtering, ressurs- og timeplanlegging saman med dei andre avdelingsleiarane
- ivaretek du eit godt samarbeid med føresette
- samarbeidar du godt og systematisk med ulike instansar
- får du ansvar for ein avdeling og eigne ansvarsområder utifrå din kompetanse og leiargruppa sin totale kompetanse
- andre arbeidsoppgåver kan bli tillagt stillinga etter nærare avtale med rektor, utifrå skulen sitt samla behov og kompetanse hos den som blir tilsett
Kvalifikasjonar
- du har formell undervisningskompetanse for, og erfaring frå grunnskulen
- du har god forståing og kjennskap til læreplanverket og har tankar om korleis du som leiar kan bidra til pedagogisk utvikling
- du har kompetanse i, interesse for og erfaring med bruk av ulike digitale læringsverktøy
- skuleleiarutdanning og/eller leiarerfaring er ønskeleg og vert lagt vekt på
Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjø oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar
- du blir motivert av å gjere ein forskjell for elevane
- du er god på samarbeid
- du er ein lagspelar som engasjerer, motiverer og inspirerer dine medarbeidarar
- du er god til å byggje relasjonar
- du er ein tydeleg og raus leiar
- du er løysingsorientert og beslutningsdyktig
- du er god på rettleiing og prosessarbeid
- du evnar å arbeida sjølvstendig
- du er fleksibel
- du er positiv, har godt humør og høg arbeidskapasitet
- du er robust og tåler å stå i utfordrande situasjonar
- personlege eigensskaper for stillinga vil bli lagt stor vekt på
Vi tilbyr
- ein spanande, krevande og viktig jobb i eit energisk og positivt arbeidsmiljø
- gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- lønn etter avtale
- tett samspel med andre skuleleiarar i kommunen og i Jærskulen
- gode forsikrings-og pensjonsordningar
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysing, gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar.
I tråd med opplæringslova er tilfredstillande politiattest ein føresetnad for tilsetting. Den må leggjast fram snarast etter eventuelt tilbod om tilsetting og før tiltreding i stillinga.
Om arbeidsgiveren
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700 tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Viervegen 10, 4351 Kleppe
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Avdelingsleder, Skole, Fast
- FINN-kode 358699452
- Sist endret
Lignende annonser
![Sandnes kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/20/9/358/032/039_a332b0a0-e745-4e81-8df8-6c848f6934bc.jpg)
![Haraldsplass serio ung logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/12/8/356/796/128_9b9c7e93-d7f2-4e41-895a-c322bb65ade3.jpg)
![Klepp kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1223251621/kleppresultat.png)
![Klepp kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1223251621/kleppresultat.png)
![Klepp kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1223251621/kleppresultat.png)
![Klepp kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1223251621/kleppresultat.png)
![Sandnes kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/28/4/359/020/464_273a7c25-e37b-4aca-820c-305a7d9af341.jpg)
![Klepp kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1223251621/kleppresultat.png)
![Time kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/217935079/iad_5815628070014367117time_kommune_logo_2.png)
![Time kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/28/3/359/038/513_92c4b1cf-d7d2-4212-ac5f-6b4dd5f01ddf.jpg)
![Sandnes kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/25/9/358/658/759_e010ec86-2e8d-4059-80be-7d9417b253cb.jpg)
![Klepp kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1223251621/kleppresultat.png)