![Carlings logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/397358543/iad_394365075525221366carlings_ny.png)
![Helse Førde logo](https://images.finncdn.no/mmo/logo/object/0/logo_hf_48200.png)
Direktør Kirurgisk klinikk
Helse Førde
- Frist 28.07.2024
- Ansettelsesform Fast
Direktør Kirurgisk klinikk
Kirurgisk klinikk har ansvar for eit brutto budsjett på 950 millionar kroner, og om lag 1000 tilsette. Klinikken er sentral for at vi skal kunne yte god pasientbehandling innanfor eit stort spekter av fagområde ved sjukehusa våre.
Klinikken femner mellom anna om: Avdeling for AIO, prehospital avdeling, avdeling øyre, nase, hals, kirurgisk avdeling, augeavdeling, ortopedisk avdeling og kvinneklinikken. Klinikken har verksemd på alle dei tre sjukehusa i fylket.
Kvinner vert oppmoda om å søkje.
Tiltreding snarast.
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer ein handlingsorientert direktør som kan leie arbeidet med å utvikle klinikken vidare gjennom å skape entusiasme for utviklingsarbeid og endring. Innflytting i nytt sjukehusbygg i haust vil stille store krav til den som vert tilsett i forhold til leiing og omstillingsevner. I tillegg til å drive ein stor klinikk med mange og komplekse oppgåver, er vi ute etter ein person som kan tenkje heilskapleg og utføre jobben med Helse Førde sitt beste som mål.
Direktøren rapporterer til adm. direktør og deltar i hans leiargruppe.
Kvalifikasjonar/personlege eigenskapar
- Stillinga føreset høgare utdanning og leiarerfaring.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar er ein føresetnad, både for å kunne leie ein klinikk med høgt kompetente tilsette men og for å kunne etablere nødvendig dialog med andre avdelingar, og eksterne samarbeidspartnerar.
- Føretaket er i endring og du må vere oppteken av forbetringsmetodikk og vere innstilt på å arbeide med langsiktige prosessar saman med tilsette på alle nivå.
- Det vert vektlagt at søkjaren har gode leiareigenskapar, med evner og erfaring frå å gjennomføre endringsprosjekt i ein kompetanseorganisasjon.
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
Vi tilbyr
- Vi tilbyr eit godt og utfordrande arbeidsmiljø.
- Rett person vil få store moglegheiter til å påverke viktige leiings- og utviklingsprosessar i organisasjonen.
- Lønn etter avtale
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Direktør, Leiar, Helsesektor, Førde, Økonomi
- FINN-kode 358835375
- Sist endret
Lignende annonser
![Carlings logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/397358543/iad_394365075525221366carlings_ny.png)
![Norsk Gjenvinning AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1654764280/iad_1487528107426124753ng.png)
![Ecura Hjemmetjenester og BPA logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/27/6/358/920/876_f6199e7d-f1cd-4bb4-9374-477b07fb1bee.png)
Kvinne i 50-åra, busett i Førde, søkjer personlege assistentar
Ecura Hjemmetjenester og BPA
![Deloitte logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/21/3/358/136/813_8ea840b1-3000-49dc-b817-abf7e1192cda.jpg)
![Manpower logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/01/3/359/466/253_995f8c2c-5999-4830-836f-f0e9d86291b9.jpg)
![Høgskulen på Vestlandet logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1568786838/iad_3084308887002724602h_gskulen_p__vestlandet.png)
Kombinert stilling som førsteam. i folkehelse og psykisk helse ved HVL/seniorrådgjevar i Helse Førde
Høgskulen på Vestlandet
![Ecura Hjemmetjenester og BPA logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/22/7/358/303/657_1eab66cc-8e2f-4081-ae25-53677f9e75b4.png)
Har du litt ekstra tid i hverdagen og ønsker å hjelpe, se her:
Ecura Hjemmetjenester og BPA
![Helse Vest IKT logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/882959594/iad_518311772664066773helsevestikt.png)
![Veidekke Industri AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/344556337/iad_4152894874177710607veidekke1_logo.png)
Veidekke Asfalt, distrikt Vestland søker Asfaltører/Asfaltarbeidere
Veidekke Industri AS
![Sogn og Fjordane friomsorgskontor logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1623336320/iad_2847496983460934581kriminalomsorgen.png)
Fyrstekonsulent/rådgjevar ved Sogn og Fjordane friomsorgskontor i Florø
Sogn og Fjordane friomsorgskontor
![Helse Førde logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/0/logo_hf_48202.png)
![Eikefjord Elektro logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/24/3/358/570/403_a878f148-44b8-4b85-b75b-00882b475bf6.jpg)