Kommunedirektør
Tysnes kommune
- Frist 12.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Kommunedirektør
Tysnes kommune søkjer ein tillitsskapande kommunedirektør med god rolleforståing og innsikt i samspelet mellom politikk, fag og administrasjon. Me ser etter ein tydeleg leiar, med god gjennomføringskraft og sterk prosessforståing. Vår nye kommunedirektør må være ambisiøs på kommunen sine vegne, og evne å prioritere og ta avgjersler i ein hektisk kvardag.
Me er opptekne av kommunen som samfunnsutviklar og tilretteleggjar, og relevante kandidatar må ha god forståing for dei politiske prosessane og kommunen som samfunnsaktør. Den nye kommunedirektøren må difor ha eigenskapar som sikrar gode relasjonar både internt i organisasjonen og til innbyggjarar, nabokommunar, næringslivet og andre eksterne samarbeidspartar.
Me ynskjer oss ein løysingsorientert leiar med god økonomiforståing, erfaring frå endrings-/omstillingsarbeid og med ein tillitsbasert, motiverande og samlande leiarstil. Vidare ynskjer me oss ein open og truverdig leiar med eit heilskapleg og strategisk blikk, som samtidig kan sjå den enkelte. Kjennskap til kommunal verksemd og gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar er ein føresetnad.
Høgare relevant utdanning, dokumenterte resultat frå tidlegare leiarstillingar og personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Me tilbyr godt handlingsrom og utfordrande oppgåver i ein kommune som ynskjer utvikling, med kompetente medarbeidarar og godt samspel mellom politikk og administrasjon.
Spørsmål om stillinga kan rettast til Mercuri Urval v/Ole Petter Bratteberg tlf. 975 59 036 eller Gro Reinertsen tlf 975 59 058.
Alle førespurnadar vert handsama fortruleg.
Søk på stillinga på via Jobbnorge snarast, og seinast 12.08.2024
Det vert utarbeida offentleg søkjarliste og me viser til offentlegheitslova §25, andre ledd om høve til å verte unnateke søkarlista.
Om arbeidsgiveren
Draumen om livet på landet, finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentral øykommune sør for Bergen, og om du spør oss: verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Tysnes kommune har ca. 330 tilsette. Me er oppteken av å skapa gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å leva og bu i. Tysnes er ein hjarteforma kommune nord i Sunnhordland. Perfekt for deg som er på jakt etter ein roleg og eventyrleg livsstil. Me har kort veg til kringliggande byar, og me trur du vil bli overraska over kor mykje kystkommunen har å tilby. Me har flotte badeplassar og skianlegg på fjellet, frodig natur og skiftande landskap. Frå høgfjell til idylliske hamner, med gode moglegheiter for friluftsliv.
Eit rikt lags- og organisasjonsliv gir eit variert fritidstilbod til både vaksne og unge. Småskalaprodusentar byr på ekte og økologiske smaksopplevingar. Øya byr på eit rikt kulturliv gjennom heile året, med Tysnesfest om sommaren som det største arrangementet.
Sentralt plassert, men likevel langt nok unna kjaset og maset til bylivet. Det betyr at du kan nyta frisk luft, kulturelle storhendingar og avslappande ro. Med uendelege høve til å utforska fjell og fjord, er Tysnes den perfekte staden å kalla heim.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Direktør
- Sted: 5685 Uggdal
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon, Organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Ledelse, Samfunnsaktør, Kommune, Næringsutvikling, Organisasjonsutvikling
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 359452661
- Sist endret