![Stiftelsen Røde Kors Nordisk United World College logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/03/2/359/709/462_86af7162-6ad4-4a20-9be5-5c19a4778847.gif)
![PREFORM AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2024/7/vertical-0/02/9/359/585/309_e9507ab9-1ed9-4b3a-bd7d-d9e6cedbf3db.jpg)
Dagleg leiar og prosjektstillingar
PREFORM AS
- Frist 15.8.2024
- Ansettelsesform Fast
KulturFjaler har mange ballar i lufta. Er du vår nye sjonglør?
«Fjaler» kling godt i kulturnorge og miljøet er i ferd med å bygge seg opp til eit av dei meste spennande kunstproduksjonsmiljøa i Norge. Vi har fått vårt eige hus - Samvirket - og her står du stødig når du skal ta i mot - og kaste nye ballar saman med oss.
PreForm AS:
· Dagleg leiar 50% - fast stilling
· Prosjektstillingar - 3 årig prosjektstilling
Sparebankstiftinga i Fjaler har gitt oss midlar i 3 år til prosjektutvikling.
· Organisasjonsutvikling: Etablere nye strukturar i våre samarbeidsformer lokalt, regionalt og nasjonalt.
· Etablere residens for kunstnarar innanfor scenekunst, musikk og lydproduksjonar.
Målet er å utvikle ein organisasjonsstruktur og eit kunstfagleg tilbod som kan sikre ei trygg og varig finansiering.
Dagleg leiar: 50 % fast stilling
Vi har lurt på korleis vi skal rekruttere ein dagleg leiar i 50% stilling men no har vi sjansen. Vi lyser ut stillinga saman med prosjektstillingar slik at du kan velgje stillingsprosent sjølv ... veldig lurt!
Vi ynskjer oss ei drivkraft som kastar ball med samarbeidspartar, Kulturdirektorat, Departement, Vestland fylke, politikarar på alle nivå og får oss ut i verda. MEN alt må vere godt forankra i Fjaler som er hjartet i fellesskapet vårt.
Prosjektstillingar – samla stillingsressurs 125%
Her er det mange ballar å passe på – og kanskje det er best å vere to ??
Det er ikkje alle som er like gode på organisasjonsutvikling som også har kunstproduksjonserfaring...kanskje det er deg??
Du må også løyse oppgåver som:
· planlegge og ta i mot kunstnarar for arbeidsopphald
· kommunikasjon, marknadstiltak
· arbeide i prosjektstyrte utviklingsprosessar
· arbeide med kompetansehevande tiltak og nettverksarbeid.
· arbeide med drift av Samvirket i nært samarbeid med Fjaler kommune og vere med i planlegging av publikumsvisningar i samarbeid med eksterne arrangørar.
Dagleg leiar har sjølvsagt hovudansvar for drift, økonomi og personale og rapporterer til styret.
Dette ynskjer vi:
· høgare utdanning og solid relevant praksis.
· kan arbeide sjølvstendig og ha gode evner til kommunikasjon og relasjonsbygging.
· kunst og kulturfagleg nettverk.
· god oversikt og kunnskap om kunst og kulturfeltet.
· har sertifikat og disponerer bil.
· er ein sjonglør med godt humør.
· personlege eigenskapar for stillinga.
Som om ikkje dette er nok har vi fleire ballar i lufta: Teaterfestivalen i Fjaler lyser ut ein 80% stillingsressurs før 15. august som kanskje kan kombinerast med din plass i fellesskapet vårt.
Om arbeidsgiveren
Kan ein liten kommune i distriktsnorge med 2800 innbyggarar bli ei drivkraft i norsk kunstproduksjon?
Dette lurte vi på når vi starta det kommunale prosjektet PreForm i 2011 med Bulystmidlar frå Kommunal og - Regionaldepartementet. I 2014 vart prosjektet avslutta og PreForm vart etablert som eit ideelt AS. Vi er eigd av dei andre kulturinstitusjonane i Fjaler, kommunen og enkeltkunstnarar.
Fjaler utviklar seg i rekordfart med aktørar som Teaterfestivalen i Fjaler, Jakob Sande Senter for forteljekunst og Nordisk Kunstnarsenter
PreForm AS sitt formål er å legge til rette for profesjonell kunstproduksjon.
Ting tar tid - men i 2019 starta vi opp i lokala som i dag er blitt Fjaler sitt kulturhus - Samvirket - med nyopning september 2023.
I dag kan vi tilby produksjonslokale for scenekunst, musikk og lydproduksjonar - med scene og to lydstudio. Tilsette: teknikar, kunstnarleg leiar og daglege leiar – alle i delstilling.
Basisfinansiering: Vestland Fylke og Kulturrådet (Tverrfaglege tiltak– arenautvikling)
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Organisasjoner
- Antall stillinger: 2
- Sted: Dalsvegen 97, 6963 Dale i Sunnfjord
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Kunst og kultur
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
Kunstproduksjon, Adminstrasjon, Prosjektutvikling, Kommunikasjon, Kunst og kultur
Samvirket er det du trur - ein ombygd Coop butikk. (1/3)
- FINN-kode 359585309
- Sist endret
Lignende annonser
![Stiftelsen Røde Kors Nordisk United World College logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/03/2/359/709/462_86af7162-6ad4-4a20-9be5-5c19a4778847.gif)
![Kunsthøgskolen i Oslo logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/609430057/logo_9145026473521846261.png)
![ASTRUP FEARNLEY MUSEET AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/05/3/360/005/733_f0bd08a9-f449-4cc3-9613-a9c595cf7444.jpg)
![Munchmuseet logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/27/0/358/920/590_286bfa73-f8f5-40b8-a4ff-f3e58d542f04.jpg)
![Norsk filminstitutt logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/27/7/358/571/897_8364fa74-6c26-4ff7-9b40-f8111d2dd00c.png)
![Museene i Sør-Trøndelag (MiST) logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1625833746/iad_1816536314975251240mist-logo-liggende-sort.png)
![Norges Musikkorps Forbund (NMF) logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/28/9/359/061/299_4f8552b7-79db-4661-b727-91aadec6cd02.jpg)
![Kode kunstmuseer og komponisthjem logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/26/6/358/793/496_4402c60a-db66-46c3-91c8-83cbd4ed3ea9.png)
![Carlings logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/397358543/iad_394365075525221366carlings_ny.png)