Einingsleiar
Hardanger og Voss museum
- Frist 20.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Hardanger fartøyvernsenter har fleire ledige stillingar
Hardanger fartøyvernsenter er eit nasjonalt fartøyvernsenter og museum. Her finn du eit av dei største fagmiljøa for restaurering av båtar og fartøy i Norden. Hardanger fartøyvernsenter starta som eit ungdomsprosjekt i 1984. Hardangerjakta S/J Mathilde vart innkjøpt, og ungdomane fekk ta del i restaureringa av den gamle skuta. Etter 50.000 arbeidstimar kunne dei kasta loss og legga ut på sitt fyrste tokt med Mathilde.
Mykje har skjedd sidan starten. Idag er senteret ein avdeling i Stiftinga Hardanger og Voss museum, og har eit av dei største fagmiljøa på restaurering av fartøy i Norden. Senteret er ei nyskaping i norsk samanheng, med satsing på fartøyvern, leirskule, reiseliv, museum, formidling til born og unge, fagopplæring og vern av gamle handverkstradisjonar. Om lag 35 personer arbeider no ved senteret, deriblant båtbyggjarar, reipslagarar og smed.
Det er mykje spennande som skjer på Hardanger fartøyvernsenter for tida, og nå gjer me ei omorganisering i organisasjonen. Vi søkjer difor etter einingsleiarar for bygningsvern, fartøyvern og fagutvikling som kan vere med å utvikle og bevare kulturminne, kunnskap og teknikkar innan fartøyvern vidare.
Høyr Stillingspodden fra HAMNØY kvar Åsmund Kristiansen fra HVM fortel meir om stillingane og bedriften på hamnoy.no eller der du høyrer podkast.
Som einingsleiar for bygningsvern vil du spele ei sentral rolle i vår satsing på bygningsvern i tida som kjem. Som leiar for bygningsvern vil du få stor grad av påverknad på dette arbeidet, saman med 7 dyktige handverkarar som arbeider med bygningsvern, med spesialkompetanse på tømring, finsnekring og antikvarisk restaurering.
Einingsleiar for fartøyvern vil arbeide for å vidareføre handverkkunnskapen i eit langsiktig perspektiv. Fartøyvernet er i stadig utvikling, og som kompetansesenter og verft ønskjer me å bidra til høgt kulturvernfagleg nivå, i samråd med Riksantikvaren sine retningslinjer og planar. Som einingsleiar for fartøyvern vil du få stor grad av påverknad på dette arbeidet, saman med 20 dyktige handverkarar.
Som einingsleiar for fagutvikling vil du også bli avdelingsleiar ved Hardanger fartøyvernsenter. Du vil få stor påverknad til å jobbe strategisk for å utvikle fartøyvernsenteret videre saman med dyktige medarbeidere.
Alle tre stillingane vil ha budsjett- og rapporteringsansvar for eininga si, i tillegg til personalansvar for ansatte i eininga. Einingsleiarane vil også ha ansvar for å samarbeide til det beste for heilskapen og felles mål for HVM og HFS, samt bidra til eit godt og trygt arbeidsmiljø. Det vil også vere viktig at ein følgjer opp HVM/HFS sine mål når det gjeld HMS og miljøpolitikk. Einingsleiarane for bygningsvern og fartøyvern vil rapportere til avdelingsleiar ved Hardanger Fartøyvernsenter. Leiar for fagutvikling, som også vil bli avdelingsleiar ved HFS, rapporterer til direktør for Hardanger og Voss museum.
Arbeidsstad vil vera i våre lokaler på Norheimsund. Ein må rekna med noko reiseaktivitet i rollene.
For å lese meir om kvar einskild stilling, sjå hamnoy.no.
Søknadsfrist: 20. august 2024 - me vurderer søknader fortløpande.
Ønskjer du meir informasjon om stillingane?
Ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved rådgjevarane
- Fredrik Abrahamsen Deilkås, tlf. 984 72 541
- Johanna Grindhaug, tlf. 959 33 056
Registrer og send inn CV og søknad, og hugs å legga ved alle relevante attestar og vitnemål. Rekrutteringspartnaren vår behandlar alle førespurnader konfidensielt – også overfor oss i Hardanger og Voss museum i den innleiande fasen (dette gjeld også for interne søkjerar) . Tiltreding etter nærare avtale.
Om arbeidsgiveren
Hardanger og Voss museum (HVM) er eit konsolidert museum samansett av Hardanger folkemuseum, Agatunet, Hardanger fartøyvernsenter, Kvam bygdemuseum, Ingebrigt Vik museum, Granvin bygdemuseum, Voss folkemuseum og kunsthuset Kabuso. Museumsavdelingane har stor tematisk breidde, frå kulturhistorie til kunst og fartøyvern.
Hardanger fartøyvernsenter (HFS) er eit nasjonalt fartøyvernsenter, museum og avdeling i HVM. Her finn du eit av dei største fagmiljøa for restaurering av båtar og fartøy i Norden. HFS er ei nyskaping i norsk samanheng, med satsing på fartøyvern, leirskule, reiseliv, museum, formidling til born og unge, fagopplæring og vern av gamle handverkstradisjonar. Om lag 40 personar arbeider no ved HFS, mellom anna båtbyggjarar, reipslagar, tømrar og smed.
- Sektor: Privat
- Lederkategori: Leder
- Antall stillinger: 3
- Sted: Sandenvegen 56 A, 5600 Norheimsund
- Bransje: Håndverkstjenester, Kunst og kultur, Museer, gallerier og kulturminne
- Stillingsfunksjon: Art director, Forretningsutvikling og strategi, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Leder, Avdelingsleder, Bygningsvern, Fartøyvern, Fagutvikling
(1/3)
- FINN-kode 360659505
- Sist endret