Daglig Leder
Bømlo Næringsråd
- Frist 15.9.2024
- Ansettelsesform Fast
Dagleg leiar Bømlo Næringsråd – ei unik moglegheit til å forme framtida!
Brenn du for næringslivet på Bømlo? Ønskjer du å skape vekst og utvikling på Bømlo, og bidra til at Bømlo skal vere ein attraktiv stad å jobbe og bu?
Bømlo Næringsråd er på jakt etter ein ny dagleg leiar, som kan ta arbeidet vidare.
Me tilbyr ein spanande jobb, kor du får moglegheit til å utvikle deg, byggje nettverk, og til å setje ditt preg på Bømlo Næringsråd. Du vil få ei synleg rolle i næringslivet og i ein framoverlent kommune. Me tilbyr løn etter avtale, moglegheit til å styre din eigen arbeidskvardag, gode utviklingsmoglegheiter både profesjonelt og personleg, og fleksibilitet på arbeidsplass. Noko reising må påbereknast.
Arbeidsoppgåver
Me er på jakt etter deg som har eit sterkt samfunnsengasjement for eit næringsliv i endring. Du bør evne å sjå saker i detalj, samstundes som du ser heile biletet. Du må like å stå føre folk og entusiastisk formidle både historia og planane til bedriftene våre, og du må like å arrangere treffplassar for bedriftene, alt frå frukostmøte til konferansar. Du må vere god å bygge nettverk og relasjonar, både i røynda og på nett, og god på å skrive alt frå nyheitssaker til høyringssvar.
Som dagleg leiar vil du ha totalansvar for drift av næringsrådet med oppgåver av både strategisk og operativ karakter. Du vil ha ein proaktiv rolle mot næringslivet lokalt, søkje samarbeid og byggje nettverk i regionen, og heile tida arbeide med å sjå mogelegheiter, utfordringar og trendar innan dei ulike næringane.
Du bør:
- Ha leiarerfaring, og god strategisk kompetanse
- Ha kjennskap til, eller sterk interesse for, verdiskapinga og næringslivet på Bømlo
- Vera strukturert og operativ med evne til å jobba sjølvstendig.
- Ha kjennskap til dei ulike forvaltningsnivåa i det offentlege.
- Ha evne og interesse for å bygga nettverk, samt ha god rolleforståing.
- Vera god i munnleg og skriftleg kommunikasjon
- Ha gode digitale kunnskapar og kan oppdatere nettside og dele i sosiale media
- Ha evne til å prioritere og handtera mange ballar i lufta
Personlege eigenskapar:
- Tillitvekkande, samarbeidsorient og god til å byggja nettverk
- Du er engasjert, handlingsorientert og strukturert
- Løysningsorientert, med evne til å sjå det store bilete
- Du er nytenkande og framoverlent
- Du er tydeleg og rettvis
Me tilbyr ein spanande jobb, kor du får moglegheit til å utvikle deg, byggje nettverk, og til å setje ditt preg på Bømlo Næringsråd. Du vil få ei synleg rolle i næringslivet og i ein framoverlent kommune.
Søknadsfrist: 15. september 2024.
Send søknad til: post@bomlonr.no.
Tilsetjing frå 1. januar 2025. Me tilbyr løn etter avtale.
For spørsmål ta kontakt med styret ved styreleiar Lauritz Eidesvik, mobil 91706745.
Om arbeidsgiveren
Bømlo Næringsråd er den største næringsorganisasjonen i Sunnhordlandsregionen med godt over 200 medlemmar fordelt på 24 ulike næringsområde, som representerer meir enn 4 000 arbeidstakarar. Næringsrådet driv ein møtearena for næringslivet for å bygge nettverk og dele erfaringar, vere tett på saker som er viktige for medlemmane våre, og spele inn alt frå kompetansebehov til høyringssvar til lokale, nasjonale og regionale mynder og politikarar på vegne av medlemsbedriftene våre.
Næringslivet på Bømlo er rikt, variert, framoverlent, verdsleiande og framtidsretta. Gjennom Bømlo Næringsråd samlast både små og store bedrifter frå 24 ulike næringsområde for samarbeid og erfaringsutveksling. I tillegg møtes ein for å diskutere viktige saker som ein saman må løfte opp mot lokale, regionale og nasjonale mynder og politikarar.
Bømlo Næringsråd er med i Næringsalliansen, Vestland, kor dei tilsette i næringsråda får byggje sosialt og fagleg nettverk med andre i tilsvarande stillingar i heile Vestland fylke, og levere felles høyringsuttalar og opprop om viktige politiske saker som gjeld Vestlandet.
Næringsrådet har vore i drift sidan 1988, og har vore ein viktig pådrivar og støttespelar for næringslivet gjennom mange saker. I 2021 valte styret for første gang å tilsette ein dagleg leiar i 100 % stilling, og i tre år har det vore målretta arbeid med å byggje ein solid plattform å drive næringsarbeidet på.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Organisasjoner
- Lederkategori: Leder
- Sted: Leirdalen 1, 5430 Bremnes
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Organisasjoner, PR, informasjon og kommunikasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Ledelse, Prosjektledelse, Kommunikasjon, Næringsutvikling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 364932795
- Sist endret