Dagleg leiar
iVest Consult
- Frist 25.9.2024
- Ansettelsesform Fast
Vi søker dagleg leiar til rådgjevande ingeniør- og arkitektselskap
Vi ser etter deg som er fagleg sterk og gjerne har erfaring frå leiing innan byggebransjen. Bakgrunnen din er fortrinnsvis arkitekt eller rådgjevande ingeniør. Du har erfaring med ei selgande og relasjonsbyggande rolle, og med strategi- og forretningsutvikling. Du er opptatt av moderne leiing, teamutvikling og god prosjektgjennomføring, og vil kunne ta ei fagleg mentor-rolle i selskapet.
Du vil lykkast i stillinga dersom du evner å utvikle selskapet med omsyn til lønsam vekst samtidig som du sørger for at vi har nøgde medarbeidarar og kundar.
Selskapet har eit unikt kompetansemiljø med attraktive arbeidsplassar og er inne i ei svært god utvikling. Vi kan tilby ei leiarstilling med utfordrande arbeidsoppgåver og leiing av dyktige medarbeidarar. Høyrest dette interessant ut for deg? Då ynskjer vi at du tar kontakt.
Arbeidsoppgaver
- Strategi og forretningsutvikling i samråd med styret og leiargruppa
- Sals- og marknadsutvikling
- Forhandlingar og relasjonsbygging med kundar, partnarar og leverandørar
- Dagleg leiing, organisasjonsutvikling og rapportering
- Prosjektarbeid
- Sikre at selskapet følger regulatoriske krav
Kvalifikasjoner
- Relevant utdanning
- Lagbyggjar
- God kommersiell og forretningsmessig forståing
- Evne til å leie og drive fram utviklingsprosjekt
- Sterke kommunikasjonsferdigheiter
Personlige egenskaper
- Initiativrik og ansvarleg
- Forretnings- og marknadsorientert
- Gode relasjons- og kommunikasjonsevner
- Sterk gjennomføringsevne
- Planmessig – men også god til å omstille seg etter behov
Vi tilbyr
iVest Consult AS driv med fleirfagleg rådgjeving innan bygningar, anlegg, infrastruktur, arealplan, vvs, elektro, miljø, energi og vasskraft. iVest Consult er eigd av dei tilsette og er eit selskap med fagleg dyktige menneske i kontinuerleg utvikling. Som tilsett i iVest Consult får du tilbod om medeigarskap. Selskapet utgjer eit betydeleg kompetansemiljø i vårt distrikt. Vi har oppdrag langt utover vårt nærområde og deltek i prosjekteringsgrupper på fleire større prosjekt. Vi held til i sentrum av Florø, i nye lokaler.Om arbeidsgiveren
I iVest arbeider vi for å kontinuerleg utvikle kunnskapsnivået vårt og vi satsar aktivt på nye fagområde som marknaden og kundane våre etterspør.
Tenestene våre skal gje kundane våre meirverdi og tryggleik gjennom god prosjektgjennomføring – med kompetente, engasjerte og stolte medarbeidarar.
Våre suksesskriterier er kundefokus, kompetanse, prosjektstyring og våre tilsette.
Ved å jobbe saman skapar vi verdiar
– Både for våre kundar, leverandørar, tilsette og samfunnet forøvrig. Saman leverer vi kvalifiserte og fleirfaglege konsulenttenester.
iVest Consult AS - rådgjevande ingeniørar og arkitektar
- Sektor: Privat
- Lederkategori: Leder
- Sted: Strandgata 10, 6905 Florø
- Bransje: Arkitektur, areal og interiør, Bygg og anlegg, Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Arkitekt, Ingeniør, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
daglig leder, direktør, byggingeniør, arkitekt, rådgiver
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 368443171
- Sist endret