Økonomisjef
Alver kommune
- Frist 13.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Spanande leiarstilling for ambisiøs økonom
Har du god økonomisk forståing, interesse for kommunal sektor og ønsker deg ei leiarrolle kor du kan gjere ein forskjell? Vi søker deg som er ein engasjert og dyktig økonom, som gjerne er tidleg i karrieren, og som kan vere med å utvikla kommunen sin økonomiforvaltning for framtida. Då kan du vere den vi leitar etter som vår nye økonomisjef i Alver kommune!
Kvifor Alver kommune?
- Du vil få ei sentral rolle i det spennande omstillingsprosjektet «Alver i endring og omstilling 2026, der målet er å snu eit krevjande økonomisk resultat og levere gode tenester til innbyggjarane våre.
- Du blir del av eit team med engasjerte og dyktige kollegaer som jobbar med å byggje Alver-laget for framtida og utvikle ein av dei største kommunane i Vestland. Kommunen har om lag 30 000 innbyggjarar og 2700 tilsette.
- Etter omorganisering har den nye økonomiavdelinga 12 tilsette med ansvar for innkjøp, eigedomsskatt, controlling og rekneskap. Som leiar får du med deg erfarne medarbeidere, og vil ha ei viktig rolle i forhold til å setje retning og forme samhandling i ny avdeling.
- Om du ikkje allereie bur her? Vi kan lokke med ein flott kommune der sjø, fjell og rikt kulturliv er sentrale ingrediensar.
Dine hovudoppgåver
- ansvar for å utarbeide og følgje opp handlings- og økonomiplan, samt å planleggje og gjennomføre budsjettprosessen
- ansvar for å utarbeide årsrekneskap og årsmelding
- sentral rolle i utvikling av virksomhetsstyringa
- leie økonomiavdelinga i kommunen med 12 tilsette og ansvar for innkjøp, eigedomsskatt, controlling og rekneskap
- førebu og presentere saker innan ditt ansvarsområde overfor politisk nivå
- kompetanseutvikling og rådgiving på økonomiområdet
Personlege eigenskaper:
Vi søkjer etter ein økonomisjef som er trygg på eigen fag- og leiarkompetanse og ønskjer nye utfordringar. Du er tydeleg, inkluderande og engasjert, kommuniserer godt og har gode evner til å bygge relasjonar. Denne stillinga krev at du er resultatorientert, systematisk og i stand til å analysere og sjå samanhengar. Du har god digital kompetanse og ser moglegheiter der andre kanskje ikkje gjer det.
Kvalifikasjonskrav:
- Sivil- eller samfunnsøkonom, helst med mastergrad
- relevant erfaring frå større organisasjonar/verksemder
- relevant leiarerfaring
- gode IT-kunnskapar
Det er eit føremon om du har erfaring frå arbeid i ein politisk styrt organisasjon.
Personlege eigenskaper vert vektlagt
Vi tilbyr
- ei utfordrande og spanande leiarstilling
- viktig rolle i omstillingsarbeid og økonomistyring i Alver kommune
- godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse og høgt tempo
- løn etter avtale
- god pensjonsordning og gruppelivsforsikring
Anna
Arbeidstakarar vert tilsett i Alver kommune, med løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert stilt krav til norskkunnskapar, skriftleg og munnleg, ved tilsetjing. Dersom det kan trekkjast i tvil om søkjarar har dei naudsynte norskkunnskapane, skal vedkommande kunne dokumentere sin kunnskap ved bestått språkprøve nivå B2 eller tilsvarande før eventuell tilsetjing. I samsvar med gjeldande lov- og regelverk må signert teielovnad leverast før tiltreding.
Dersom du har spørsmål kan du kontakte våre rådgjevarar Per Inge Hjertaker/ Trond Henanger hos Headvisor, tlf. 91729682/ 4730206, eller kommunalsjef Lisbeth Toppe Alvær, tlf. 93036156.
Ver vennleg og fyll ut søknaden så fullstendig som mogleg. Attestar og vitnemål kan tas med til eit eventuelt intervju. Det vil etter søknadsfristen utarbeidast ei offentleg søkjarliste. Søkjarar som ynskjer å være unntatt offentlegheit må grunngje dette særskilt. Grunngjevinga vil bli vurdert i høve til reglane i Offentleglova. Dersom det etter kommunen si vurdering ikkje føreligg ein særskilt grunn, vil søkjaren bli offentleggjort. Søkjar vil i så fall bli kontakta på førehand. Søknad vert å sende på den aktuelle stillinga innan 13.oktober
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø
- Bransje: Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Ledelse, Økonomistyring og budsjettering
Nøkkelord
økonomisjef, økonomisk forståing, kommunal sektor, dyktig økonom, virksomhetsstyring
Annonseinformasjon
- FINN-kode 370811366
- Sist endret