HR rådgjevar
Avery Dennison NTP
- Frist 16.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Spanande HR stilling ledig
Me søker etter ein ny HR Generalist til vår fabrikk i Gaupne. Vedkommande vil styre alle HR prosessar og støtte utvikling og implementering av strategiar. Rolla skal gje rettleiing og praktisk støtte og fremja positive medarbeidarrelasjonar. Dette inkludera overholdelse av både globale og lokale prosessar, tolking av retningslinjer og prosedyrar, samt rådgjeving til leiarar og tilsette.
Denne rolla vil rapportera direkte til HR Business Partner Norway.
Ansvar inkludera (men er ikkje avgrensa til):
- Anbefale og implementere blant anna planar og retningslinjer i samsvar med selskapet sine HR-strategiar, for å oppretthalde selskapet sin kultur og auke tilsette sitt engasjement.
- Administrer tilsett-data i gjeldande HR-systemer. Gje nøyaktige HR-data for analyse etter behov.
- Leie konkrete prosjekt som fastsatt i den årlege HR-planen og delta i funksjonelle og tverrfunksjonelle tiltak.
- Forbetre HR-effektiviteten og intern kundetilfredsheit ved å drive kontinuerlege forbetringsaktivitetar.
- Rettleie og gje råd til tilsette og leiargruppa angåande personalpolitikk, arbeidsforhold, arbeidsrett, forskrifter, arbeidsstyrke, organisasjon og saker knytt til tilsette.
- Fremje effektiv kommunikasjon og medarbeidarrelasjonar.
Kvalifikasjonar:
- Bachelorgrad eller tilsvarande.
- Arbeidserfaring frå HR.
- Kunnskap om norske arbeidsforhold og arbeidsrett.
- Sterke mellommenneskelege ferdigheitar med bevist evne til å samhandle effektivt med alle nivå av tilsette og leiing.
- Gode norsk og engelsk kunnskapar.
- Innovativ problemløysar.
Om arbeidsgiveren
Avery Dennison er ein global leiar innan labels og materialer. Selskapets teknologi er ein integrert del av produkt som blir brukt i dei fleste bransjar. Med produksjon i over 50 land og med meir enn over 36 000 tilsette over heile verda, tilbyr Avery Dennison tenester til eit breidt spekter av kundar.
Den norske delen av konsernet, Avery Dennison NTP, er ein leiande produsent av heat transfers for sportsklede, arbeidsklede og andre profilerte artiklar. Fabrikken er lokalisert 30 minutt frå Sogndal, omringa av flott natur med unike moglegheitar for friluftsliv. Det er her me har utviklet teknologi og produsert transfers i over 35 år. Våre 190 tilsette, fordelt over heile 28 ulike nasjonalitetar, leverer produkt av høg kvalitet som gjer det mogleg for oss å konkurrere globalt. Avery Dennison NTP var tidleg ute med digitalisering, og har dei siste 15 åra fokusert hardt på utvikling av eigne datasystem til både tilsette og våre kundar. Det har gjeve oss et stort konkurransefortrinn, og det har bidratt stort til å lande store kundar som Premier League, Real Madrid, Liverpool FC med flere. Me sel no like mykje til den utanlandske marknaden som me sel til den norske.
Les meir på www.ntp.no og www.averydennison.com.
- Sektor: Privat
- Sted: 6868 Gaupne
- Bransje: Industri og produksjon
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering
Nøkkelord
hr, lederstøtte
Annonseinformasjon
- FINN-kode 372098818
- Sist endret