Miljødirektør
Statsforvaltaren i Vestland
- Frist 27.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med og sikre god miljøforvaltning for innbyggjarane i Vestland?
Om stillinga
Er du motivert for å ta vare på våre naturkvalitetar, hindre forureining og fremje berekraftig bruk av naturen?
Statsforvaltaren søkjer ein engasjert, utviklingsorientert og erfaren leiar.
Vi arbeider med viktige forureiningssaker, forureiningstilsyn, verneprosessar, verneområdeforvaltning, truga artar, vassforvaltning, kunnskap om naturtilstand og fiskeforvaltning. Du må rekne med andre oppgåver innanfor Statsforvaltaren og miljøavdelinga sitt ansvarsområde, avhengig av prioriteringar og kompetanse til den som blir tilsett.
Miljødirektøren er ein del av leiargruppa i embetet, og leier ei avdeling med 47 motiverte og kompetente medarbeidarar fordelte på forureiningsseksjonen og naturmangfaldseksjonen. Avdelinga har personal- og administrativt ansvar for åtte nasjonalpark- og verneområdeforvaltarar som har kontor fleire stadar i Vestland. Kontorstad for direktøren er Bergen, hovudkontoret vårt ligg i Leikanger og vi har også kontorstad i Førde. Du må rekne med ein del reiseaktivitet, og det er ein fordel at du har førarkort.
Arbeidsoppgåver
- Samordne oppgåveløysinga mellom stat og kommune.
- Overordna leiing og utvikling av avdelinga.
- Personalansvar og leiarstøtte for to seksjonsleiarar.
- Budsjettstyring for avdelinga.
- Ansvar for heilskapen i embetet og for å medverke til utviklingsarbeid i leiargruppa.
Ønskjelege kvalifikasjonar
- Relevant masterutdanning frå høgskule eller universitet. I særskilte tilfelle kan lang og relevant praksis kompensere for manglande formell utdanning.
- God forvaltingskompetanse og forståing for politiske prosesser.
- Kjennskap til fagområda og erfaring med å leie kunnskapsmedarbeidarar.
- Høg fagleg og personleg integritet.
- Innsikt i økonomi- og budsjettarbeid.
- God munnleg og skriftleg formuleringsevne på nynorsk.
- Evne til å handtere media.
Personlege eigenskapar
- Tydeleg og tilgjengeleg, med evne til å skape tillit internt og overfor samarbeidspartnarar.
- Evne til å motivere og involvere medarbeidarar for å utvikle arbeidsoppgåvene.
- Evne til å prioritere oppgåver og medverke til effektiv drift.
- Gode evner til kommunikasjon, samarbeid og strategisk tenking.
- Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne som leiar.
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver
- ein arbeidsplass i utvikling
- eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
- medlemskap i Statens pensjonskasse, med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordningar
- trening i arbeidstida
- løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vi ønskjer mangfald
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv (https://www.regjeringen.no/no/tema/arbeidsliv/arbeidsmiljo-og-sikkerhet/inkluderende_arbeidsliv/id947/).
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar også om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene, kallar vi inn minst éin søkjar i kvar av gruppene til intervju. Les meir om dette hos Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten).
Vilkår
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT.
Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga.
Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok (https://lovdata.no/dokument/SPH/sph-2024/KAPITTEL_2-1-8).
Tenestemålet til embetet er nynorsk.
Offentleg søkjarliste blir utarbeida etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette, og vilkåra i lova må vere til stades. Du får varsel i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
Om arbeidsgiveren
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.
Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.
Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Direktør
- Sted: Solheimsgaten 13, 5020 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Annet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 373690299
- Sist endret