Barnehagestyrar Nybø barnehage
Sogndal kommune Sogndalsbarnehagen
- Frist 27.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Barnehagestyrar Nybø barnehage
Frå 01.01.2025 er det ledig stilling som barnehagestyrar i Nybø barnehage
Sogndal kommune eig og driv 11 barnehagar i Sogndal kommune i barnehageåret 2024/25. I tillegg er det 4 private barnehagar i kommunen. Barnehagane i Sogndal har eit tett, godt og lærerikt samarbeid.
Nybø barnehage ligg flott plassert ved Sognefjorden på Leikanger i Sogndal kommune, 20 kilometer frå Sogndal sentrum. Det er gode bussamband mellom Sogndal sentrum og Leikanger. Leikanger er administrasjonssenter i Sogndal kommune.
Me søker med dette etter ein fagleg og engasjert styrar, som er relasjonssterk og inkluderande til å leie ein velfungerande barnehage.
Nybø barnehage har dette barnehageåret 45 barn fordelt på 3 avdelingar. Nybø barnehage har to aldersblanda einingar i Fylkesmannsgarden og ei småbarnseining i Sorenskrivargarden. Begge bygga er flotte bygg frå midten av 1800-talet, medsjel og eit koseleg miljø
Barnehagen ligg fint til i solrike omgjevnadar ved fjorden. Nærleik til flott natur med skog og mark, sentrum, idrettshall og andre funksjonar.
Barnehagen har 15 tilsette med høg kompetanse, og god miks i alder av tilsette. Leiinga består av styrar og assisterande styrar.
Arbeidsoppgåver
dagleg fag- og driftsansvar for barnehagen
personalansvar med fokus på nærvær og arbeidsmiljø
vere ein synleg leiar med god gjennomføringsevne
pedagogisk utviklingsarbeid gjennom profesjonsfellesskap og samarbeid
samspel med barn, føresette og nærmiljø
barna sitt leike - og barnehagemiljø
budsjett-, personalansvar og oppfølging av dei tilsette.
Kvalifikasjonskrav
utdanna barnehagelærar
ynskjeleg med tilleggsutdanning/leiarutdanning for styrarar
erfaring frå arbeid i barnehage
ynskjeleg med leiarerfaring frå barnehage som styrar eller assisterande styrar
rettleiingskompetanse
kompetanse i bruk av digitale verktøy
eit framtidsretta syn på læring og pedagogikk med evna til å sjå teori og praksis i samanheng
god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
god omsorgsevne og relasjonelt mot
evne å begeistre andre og samtidig la seg engasjere av innspela til andre
evne å leie prosessar
strukturert, planmessig og god til å prioritere
gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
lojal til avgjerder og overordna føringar
Me tilbyr
eit pedagogisk miljø med høgt fagleg nivå
engasjerte og støttande kollegaer
leiarstøtte og opplæring i Sogndal kommune sine program og IT-verktøy
gode pensjons- og forsikringsvilkår
Politiattest krevst for stillinga
Bli med på leikelaget vårt i Sogndalsbarnehagen, og som styrar og vidareutviklar av Nybø barnehage.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålforma i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarlista. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknader må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Om arbeidsgiveren
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Dalavegen 2, 6856 Sogndal
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Styrer
Nøkkelord
barnehage, styrer, barnehageleder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 374196215
- Sist endret