Prosjektleiar TEKNISK
Bane NOR SF
- Frist 3.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Prosjektleiar TEKNISK til Fellesprosjektet Arna-Stanghelle
Er du klar for ein leiarstilling i Norges største tunnelprosjekt? Ønskjer du spanande utfordringar i eit megaprosjekt der du jobbar med veg og bane og for to av Noregs største byggherreorganisasjonar? Dette er ein av fire sentrale leiarstillingar i Fellesprosjektet Arna-Stanghelle (FAS) som no er lyst ut. To er lyst ut i Bane NOR og to i Statens vegvesen.
Prosjektleiar TEKNISK får resultatansvar for ei portefølje av svært store entreprisar i FAS, saman med økonomisk anvisningsmynde og personal- og oppgåveleieransvar.
FAS er Noregs største tunnelprosjekt og eit samarbeidsprosjekt mellom Statens vegvesen og Bane NOR. Det skal byggast nesten 80 km tunnel som eit tunnelsystem for veg og bane. Prosjektet omfattar to nye jernbanestasjonar og nye kryssløysingar for veg i dagsonene. Byggestart er planlagt i 2025 og prosjektet vil bli gjennomført med felles organisering, prosjektering og bygging av Statens vegvesen og Bane NOR.
Flere av prosjektlederstillingene lyst ut i Fellesprosjektet Arna-Stanghelle tilsvarer denne stillingen. Er det aktuelt for deg å søke på disse også? Se her:
Prosjektleiar MIDT til Fellesprosjektet Arna-Stanghelle | FINN.no (https://www.finn.no/job/management/ad.html?finnkode=375487511)
Prosjektleiar VEST til Fellesprosjektet Arna-Stanghelle | FINN.no (https://www.finn.no/job/management/ad.html?finnkode=375488091)
Prosjektleiar AUST til Fellesprosjektet Arna-Stanghelle | FINN.no (https://www.finn.no/job/management/ad.html?finnkode=375512157)
Du finn meir informasjon om prosjektet her: https://www.banenor.no/prosjekter/alle-prosjekter/fellesprosjektet-arna-stanghelle/
Har du erfaring med leiing av tekniske entreprisar, og ulike entrepriseformar?
Prosjektleiar TEKNISK sin portefølje inneberer resultatansvar for alle dei tekniske entreprisane i prosjektet. Dette omfattar ansvar for ulike entrepriseformar, både utføring- samspel og totalentreprisar. Resultatansvaret inneberer oppfølging av både jernbanetekniske fag, som spor, kontaktleidning og signal, i tillegg til elektro og tele for både veg og bane. Du skal sørge for at din portefølje kan gjennomførast i tråd med prosjektmåla for sikkerheit, økonomi, framdrift, klima og miljø, og til rett kvalitet. Dette krev at du er metodisk og systematisk i tilnærminga, planleggjar framover, gjer prioriteringar og fordelar ressursar effektivt. Vi ser etter deg som er oppteken av forbetringar, er lærevillig, nysgjerrig og løysningorientert.
Er du skikkeleg god til å samarbeide?
Leiaransvaret vil vere stort og omfatte tilsette frå begge organisasjonar. Du blir ein viktig bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø internt og gode relasjonar eksternt. Du må ha forståing for utfordringane knytta til å vidareutvikle felles arbeidskultur for tilsette frå to byggherreorganisasjonar, noko som vil utfordre dine kommunikasjonsevner. Dedikerte kollegaer krev at du har fokus på erfaringsoverføring og kompetanseutnytting. Tett samarbeid og koordinering på tvers i prosjektet er avgjerande for måloppnåing, og du må evne både å gi og ta i leiargruppa. Vi ser etter deg som vil jobbe aktivt med teamutvikling og med det å vere ein god representant for både Bane NOR og Statens vegvesen.
Du kjenner deg igjen i fleire av desse punkta:
- Minimum 3-årig relevant utdanning frå universitet eller høgskule innan relevante fagområde. Ved lang og relevant erfaring kan vi fråvike utdanningskrav i særskilde tilfelle.
- Solid erfaring frå tilsvarande leiingsfunksjonar, fleirfagleg koordinering og gjennomføring av store samferdsleprosjekt .
- God forståing for byggherrerolla, ulike kontraktstandardar og offentlege anskaffingar
- Har allsidig kunnskap innan dei tekniske fagområda og er medvite eigne faglege avgrensingar.
- Kjennskap til relevante krav, under dette lovverk og standardar.
- Erfaring i bygging av tverrfaglege team.
- God kunnskap innan bruk av digitale verktøy.
- Erfaring med verktøy for prosjektstyring og samhandling.
- Svært god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk og god på engelsk.
- Tverrfagleg forståing og erfaring med god grensesnittshandtering.
- Leiarprinsippa om å ta ansvar, sette retning, gje handlingsrom, utvikle og motivere.
Kvifor skal du velje oss?
Som tilsett i dette prosjektet blir du ein del av både Statens vegvesen og Bane NOR. Prosjektet vil pågå i 12-14 år frå byggestart og her er ein unik moglegheit til å jobbe for to av Norges største byggherrar samtidig. Her vil du påverke samfunnsutviklinga til eit svært etterlengta samferdsleprosjekt, der me skal prosjektere og bygge både ny veg og bane i eit skredfarleg område.
Som tilsett i Bane NOR vil du bli teke godt i mot, og du blir ein del av eit fellesskap. Arbeidsmiljø er viktig for oss, og du må identifisere deg med våre verdiar som er open, ansvarleg lagspiller.
Vi tilbyr:
- Ei viktig posisjon i et av Norges største samferdselsprosjekt. Ein utfordrande og ansvarsfull rolle i eit svært spennande arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer.
- Ansvar og fagleg oppfølging hos to av Norges største byggherrar samtidig.
- Gode utviklingsmoglegheiter i ein organisasjon som sterkt verdsette leiarutvikling og -støtte.
- Personalbillett med Go Ahead, SJ Nord og VY sine tog.
- Svært gode pensjons- og forsikringsordningar og fleksibel arbeidstid, samt sommar- og vintertid.
- Arbeidsstad er anleggskontor i Arna, men i Bergen sentrum frem til dette er etablert. Heimekontor etter nærmare avtale.
Vi ser fram til å lese din søknad!
Vil du setje spor, håper vi du tar kontakt med oss
Om arbeidsgiveren
Bane NOR er med på å bygge Norge! Utviklingen av infrastruktur og knutepunkter former og forandrer samfunnet vårt, og tar oss inn i en mer bærekraftig fremtid. Bane NOR skal være selve drivkraften for jernbanevekst, og bidra til at flere kan ta mer tog. Vi er et statsforetak med hovedkontor i Oslo med over 5500 medarbeidere i hele landet. Søk jobb hos oss og bli med på den viktige og historiske satsningen.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: 5008 Bergen
- Bransje: Bygg og anlegg, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, Ledelse, Prosjektledelse
Nøkkelord
fellesprosjekt, utbygging, tunnel, prosjektledelse, ledelse
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 375512164
- Sist endret