Driftssjef
NGIR Drift AS
- Frist 17.11.2024
- Ansettelsesform Fast
NGIR søkjer etter driftssjef
NGIR har fokus på å ta vare på ressursane i avfallet, og har utvikla seg til å verte ei produksjonsverksemd der innsamling, mottak, sortering og omlasting av avfall til gjenvinning er viktige oppgåver. I tillegg driv NGIR mellom anna deponi for lettare forureina massar.
Driftssjef rapporterer direkte til dagleg leiar. Stillinga inngår i leiargruppa, og inneber personalansvar. Driftssjef skal sjå til at NGIR si daglege drift og produksjon går slik den skal.
Driftssjef skal:
- Leie og koordinere dei fire driftsavdelingane i NGIR: Gjenvinningsstasjonar, Sorteringsanlegg, Utedrift/Deponi og Transport.
- Ha personalansvar for avdelingsleiarane.
- Ivareta økonomien i NGIR Drift AS.
- Sjå til at arbeidet i driftsavdelingane vert utført på ein god og trygg måte.
- Sjå til at drifta vert utført i samsvar med driftsløyve og andre krav frå styresmaktene.
- Sikre naudsynt vedlikehald på eksisterande bygg- og anleggsmidlar.
- Syte for tett og godt samarbeid på tvers av avdelingane og dotterselskapa i NGIR.
Kvalifikasjonar:
- Relevant høgskuleutdanning, på minimum bachelornivå
- Leiarerfaring, inkludert personalansvar
- Gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
Det vil òg vere positivt om du har:
- Erfaring frå arbeid knytt til offentleg forvaltning.
- Erfaring frå produksjonsverksemd, anlegg eller avfallsbransjen.
- Erfaring frå større verksemd(er).
- Tidlegare oppnådde resultat å vise til.
Ønskte personlege eigenskapar:
- Gode samarbeidsevner
- Miljøengasjement og eit ønskje om å bidra i det grøne skiftet
- Ærleg og oppriktig
- Serviceinnstilt
- Sjølvstendig
- Strukturert og nøyaktig
- Resultat- og målorientert
Det vert lagt stor vekt på søkjaren sine personlege eigenskapar. Oppstart og løn etter avtale. God pensjonsordning i KLP. Tenestemålet i NGIR er nynorsk.
NGIR ønskjer som arbeidsgjevar å spegle mangfaldet i samfunnet, og oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar, uavhengig av bakgrunn, til å søkje på denne stillinga. Vi vil freiste å leggje til rette på arbeidsplassen om det er behov for det.
Om du ønskjer ytterlegare informasjon om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar, Bjørn Berg på tlf: 90110545/56343329
Om arbeidsgiveren
NGIR Drift AS er eit dotterselskap til NGIR IKS - Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS. NGIR tek seg av den offentlege renovasjonen i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Solund. NGIR har høg grad av kjeldesortering hjå innbyggjarane, og arbeider for avfallsreduksjon til beste for miljø og klima. Selskapet tilbyr og avfallstenester til næringslivet i regionen og driftar eit deponi for lettare forureina massar. NGIR sitt avfallsanlegg og administrasjon ligg i Kjevikdalen i Alver kommune, ca 45 min køyring frå Bergen sentrum og 15 min frå Knarvik. NGIR er organisert i tre selskap, har til saman 100 tilsette, og omset for om lag 160 millionar kroner.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin
- Bransje: Miljøtjenester, Offentlig administrasjon, Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Kvalitetssikring, Teknisk personell
Nøkkelord
driftledelse, optimalisering av driften, avvikshåndtering, budsjettansvar, effektiv ressursbruk
(1/8)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 377290304
- Sist endret