Funksjonsleiar
Helse Fonna HF
- Frist 21.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Funksjonsleiar, LAR poliklinikk
Me ser etter deg med hjarte for tverrfagleg spesialisert rusbehandling og som ynskjer å leie utviklinga av vår LAR poliklinikk i Haugesund sentrum.
LAR poliklinikken er organisert som ei eiga eining under Haugaland DPS og er bemanna med sjukepleiarar/vernepleiarar. Eininga samarbeidar tett med behandlarar og overlege i TSB poliklinikk i felles pasientforløp.
Funksjonsleiar i LAR poliklinikken inngår i eit større leiarteam saman med leiarar for allmennpsykiatrisk poliklinikk, psykosepoliklinikk, TSB poliklinikk, TSB døgnavdeling og 3 døgnavdelingar innanfor psykisk helsevern, samt merkantilområdet.
Me søkjer ein fagleg engasjert leiar som ynskjer å gjere ein forskjell innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling og i utviklinga av Haugaland DPS som heilhet.
Intervjuer kan bli gjennomført fortløpande, så søk allereie no.
Arbeidsoppgåver
- Ansvarleg for leiing av medarbeidarane samt tilrettelegge for utvikling i tråd med nasjonalfaglege retningslinjer
- Delta aktivt i klinisk arbeid
- Samarbeid med tillitsvalde og vernetjeneste
- Følgje opp fagleg nettverkssamarbeid med kommunehelseteneste og spesialisthelseteneste
- Planlegge kompetanseutvikling, internundervisning knytt til både fag og HMS
- Ansvar for bemanningsplanlegging
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Vidareutdanning innan fagområdet er ynskjeleg
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Leiarerfaring frå fagområdet rus og psykisk helse, kommune eller spesialisthelseteneste kan vere ein fordel
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er god til heilskap/strategisk tenking
- har sterke samarbeidseigenskapar
- kommuniserer tydeleg
- har evne til å prioritere i ein kvardag med varierte problemstillingar
- er strukturert
- har god gjennomføringsevne, men er ydmyk i ditt arbeid
- er ein lojal og trygg leiar og kollega
Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagd
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst. Individuell vurdering for spesielt kvalifiserte søkjerar.
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
- Høgt fagleg nivå
- Tverrfagleg sammensett leiarfellesskap med brei kompetanse og erfaring
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Floravegen 75, 5535 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Ledelse, Mellomleder, Psykiatri
Annonseinformasjon
- FINN-kode 379337070
- Sist endret