Tenesteleiar for Helsetenesta
Bykle
- Frist 22.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Tenesteleiar for Helsetenesta
Er du ein leiar som søkjar nye utfordringar og gode vilkår?
Vi søkjer ein engasjert, tillitsskapande og utviklingsorientert tenesteleiar til Helsetenesta i Bykle og Valle. Stillinga er utfordrande og det vert stilt krav om gode leiareigenskapar og kompetanse på høgskulenivå.
Helsetenesta er eit vertskommunesamarbeid mellom Bykle og Valle kommunar, med Bykle som vertskommune. Tenesteleiar har det overordna fag-, personal- og økonomiansvaret, og skal leie arbeidet med å utvikle og planlegge tenestene.
Helsetenesta i Bykle og Valle har eit innovativt fokus og har satsa tungt på medisinsk-teknisk utstyr. Totalt har tenesta 24 tilsette med høg fagkompetanse innanfor fylgjande deltenester: fastlege, legevakt, psykisk helse og familiestøtte, fysioterapi, ergoterapi, jordmor, helsestasjons- og skulehelseteneste. Tenesta har eit nært samarbeid med andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta.
Bykle kommune har god økonomi og er ein veldrive organisasjon som leverer gode tenester til innbyggarane. Kommune har berre noko over 1000 innbyggarar, men er ein stor turistkommune med mange gjesteinnbyggarar. I kommunen finn ein gode tilhøve til natur- og friluftsaktivitetar, eit rikhaldig aktivitetstilbod og eit stort utval butikkar, serveringsstader og servicetilbod.
Du finn meir informasjon om Bykle kommune på www.bykle.kommune.no.
Arbeidsoppgåver
- Fag-, personal- og økonomiansvar
- Strategisk utvikling
- Drift- og tenesteplanlegging
- Prosjektleiing
- Sakshandsaming
- Samarbeide på tvers av fag og sektorar
- Rapportere til nærmaste leiar
Kvalifikasjonar
- Høgskuleutdanning, helsefagleg bakgrunn ein fordel
- Leiarutdanning eller leiarerfaring med personal ansvar frå tilsvarande stilling
- Gode dataferdigheiter og kjennskap til å nytte personal-, økonomi- og fagsystem
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
Strukturert, sjølvstendig og målretta
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Konkurransedyktige vilkår
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- Bedriftshelseteneste
- Fleksitid og gode pensjons og forsikringsordningar
- Flyttegodtgjersle etter eiget reglement
- Bedriftsleilegheit i Kristiansand
- Barnehageplass og SFO frå dag éin i kommunen
- Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad
Andre opplysningar
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifisert til å søkje hos oss. Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
Om arbeidsgiveren
Bykle kommune som arbeidsgjevar:
- Vi er organisert på to nivå: kommunedirektør med stab og 7 tenesteeiningar
- Vi er ca. 190 tilsette
- Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett
- Vi er ei IA-bedrift
Om Bykle:
- Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal
- Kommunesenteret er lokalisert i Bykle
- Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000
- Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott aplinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland
- Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter
- Det er løpande SFO- og barnehageopptak
Avstandar:
- Bykle - Kristiansand er 18 mil
- Bykle - Oslo er 29 mil
- Bykle - Stavanger er 33 mil
- Bykle - Bergen er 35 mil
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Sarvsvegen 14, 4754 Bykle
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 379340858
- Sist endret