Resepsjonssjef
Brakanes Hotel AS
- Frist 20.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye resepsjonssjef?
Me på Brakanes Hotel leitar etter ei eldsjel som evnar å leie med godt humør og nytenking. Me tilbyr ein jobb med det me tør påstå er verdas beste utsikt!
Som resepsjonssjef brenn du for dei gode gjesteopplevingane heilt ned på detaljnivå. Vertskapsrolla står sentralt og resepsjonen er sjølve nerva ut mot dei andre avdelingane for at kvar gjest skal kjenna seg velkommen og ivaretatt.
Me ser etter deg som har:
- Lokal tilknyting til Hardanger, eller ynskje om å flytte hit.
- Erfaring frå resepsjonsarbeid i hotellbransjen eller anna relevant erfaring.
- God systemkunnskap (me brukar hotellsystemet Protel, PMI og Capitech), struktur, taklar stress og er løysingsorientert.
- Leiarerfaring og/eller relevant utdanning.
- Forståing av kva som skapar dei gode gjesteopplevingane.
- Kjærleik og omsorg for våre tilsette.
- Brennande ynskje om å jobbe for at våre tilsette skal fortsetja å utvikla seg til å nå sitt beste potensiale: Me skal alltid bli betre!
- Du skriv og snakkar norsk og har gode språkkunnskapar skriftleg og munnleg i engelsk og gjerne fleire språk.
Me tillbyr:
- Høgt endringstempo.
- Naturen kloss i hotellet. Fjord og fjell - som er like eventyrlege alle årstider.
- Hjelp med å finna bustad.
- Gode vilkår til riktig kandidat.
- Plass i leiarteamet og moglegheit for stor grad av påverknad.
- Som ein del av Fjordtind Hotels som har tre hotel, vil du få ei viktig rolle som 1 av 3 resepsjonssjefar som har godt samarbeidspotensiale.
I tilknyting til resepsjonen ligg det ein bar som resepsjonen tidvis betener, så det er flott om du i tillegg har kjennskap eller ynskje om å utvikla kunnskapar på dette området. Med blømande frukttre og sidergardar like i nærleiken, startar gjerne reisa i vår lokale mat-og drikkekultur på hotellet.
Om arbeidsgiveren
Saman med dei to andre hotella i Fjordtind Hotels, vil me at våre gjester skal oppleva Hardanger på sitt aller beste, gjennom aktivitetar med både låg og høg puls.
- Sektor: Privat
- Lederkategori: Leder
- Sted: Promenaden 3, 5730 Ulvik
- Bransje: Hotell og overnatting, Reise og turisme
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Resepsjon, Resepsjon
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
hotell, vertskap, gjesteopplevelser, løsningsorientert
(1/8)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 380290279
- Sist endret