Rektor ved Fusa barneskule
Bjørnafjorden kommune
- Frist 29.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Vil du bli vår nye rektor ved Fusa barneskule?
Vi søker deg som ønsker å vere med på det spanande arbeidet med å utvikle arbeidsplassen og skulen for dei tilsette og for elevane. Skulen treng ein rektor som gjennom begeistring og engasjement vil jobbe på ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring og høg kompetanse. Rektor skal vera pådrivar i arbeidet med skulen som organisasjon, profesjonelt læringsfellesskap og som ein inkluderande arbeidsplass.
Som skuleleiar i Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for elevane våre. Skuleutvikling står sentralt i Bjørnafjorden kommune, med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø. I området Oppvekst ligg barnehagar, skular, PPT, barnevernstenesta og førebyggande helseteneste med nærjordmorsenter, helsestasjon og skulehelseteneste. Som leiar innan oppvekstområdet inngår du i eit tverrfagleg leiarfellesskap. Det er tett samarbeid mellom skuleadministrasjonen og rektorgruppa.
Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling. Vi har også som mål at alle elevar blir funksjonelle lesarar.
Arbeidsstad
Fusa skule er tredelt og har totalt 43 elevar fordelt på 1. til 7. trinn, skuleåret 2024-2025. Skulen vart bygd kring 1920 med tilbygg på 1980-talet og ombygging i 2006 og 2010. Skulen ligg fint til i skogkanten i Fusa-bygda med utsyn til fjord og fjell og med kort avstand frå ferjekaien på Venjaneset. Vi ser det som viktig å kunne legge til rette for arbeidet med eit godt miljø, og vi kan glede oss over eit aktivt og godt samarbeid med foreldre og andre samarbeidspartar i nærmiljøet. Vi ønsker at elevar, foreldre og tilsette skal oppleve skulen som ein trygg læringsarena både fagleg og sosialt.
Arbeidsoppgåver
- Å vere tydeleg leiar for alle på skulen
- Å leie pedagogisk utviklingsarbeid
- Økonomiansvar
- Forvaltningsoppgåver
- Overordna personalansvar
- Undervisning
- Å utvikle skulen som ein lærande organisasjon
- Samarbeid med politisk og administrativt nivå
- Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning på høgskule-/universitetsnivå. Utdanning frå utlandet skal vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet)
Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Eigenskapar
- Undervisningskompetanse
- God IKT- kompetanse
- Relevant leiareutdanning/leiarerfaring
- Erfaring frå endringsleiing og kulturbygging
Vi ser etter deg som
- er løysingsorientert og har fokus på organisering
- har evne til å inspirere andre og bidra til arbeidsglede
- har evne til å samarbeide, lytte, rettleie og skape gode relasjonar
- har engasjement for eit godt læringsmiljø og kultur for læring
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Leiarstøtte og mentor-ordning
- Gode moglegheiter for kompetanseutvikling
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følge vil søkaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Gjerdevegen 40, 5641 Fusa
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Rektor / Ass. Rektor
Nøkkelord
rektor, leiar, skule
Annonseinformasjon
- FINN-kode 380610683
- Sist endret