Avdelingsleiar
Helse Fonna HF
- Frist 01.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsleiar Haugaland DPS
Avdeling Haugaland DPS har ansvar for dei allmennpsykiatriske spesialisthelsetenestene for vaksne i 11 kommunar i Nord Rogaland og Sunnhordland. Avdelinga har lokasjonar både i Haugesund (Lysskar) og Karmøy (Kopervik) kommune med ambulante team, poliklinikkar og sengepostar Avdelinga har tilsaman 207 årsverk og eit driftsbudsjett på kr 197 millionar (2024).
Det skal opprettast eigen avdeling for Rus- og avhengighet i Klinikk for psykisk helsevern og rus. Dette vil føre til endringar knytt til tal årsverk og driftsbudsjett då poliklinikkar og døgnpost knytt til Tverrfagleg rusbehandling vil bli flytta til ny avdeling.
Avdelingsleiar har totalansvar for avdelinga, det inneber overordna ansvar for fag og kvalitet, personell, økonomi og drift.
Vi søkjer ein engasjert og entusiastisk avdelingsleiar med solid kunnskap innan psykisk helsevern som ønskjer å vere med å vidareutvikle verksemda og sikre framtidsretta og gode tenester til pasientane i opptaksområdet. Stillinga rapporterer til klinikkdirektør og inngår i klinikken si leiargruppe
Arbeidsoppgåver
- Totalansvar for avdelinga – fag og kvalitet, personell, økonomi og drift
- Leie og utvikle verksemda i samsvar med overordna målsettinga og strategi
- Sikre god kvalitet i pasientbehandling og rett medisinsk prioritering
- Sørgje for at klinikken skaper effektive pasientforløp gjennom god planlegging og samhandling internt og eksternt
- Sikre god koordinering av dagleg drift
- Sikre hensiktsmessig samhandling med primærhelsetenesta i opptaksområdet og andre einingar i klinikken
- Stimulere til opplæring, utdanning og forsking
Kvalifikasjonar
- Høgare helsefagleg profesjonsutdanning innan psykologi eller medisin
- Erfaring og god klinisk kunnskap om psykisk helsevern
- Relevant leiarerfaring
- Erfaring frå endrings- og forbetringsprosessar
- Ønskjeleg med erfaring innan økonomi- og budsjettstyring
- Profesjonssamansetting i klinikkdirektør si leiargruppe vil bli vektlagt ved rekruttering
Personlege eigenskapar
- Evne til å sjå heilskap og god systemforståing
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne å involvere og vere ein samlande leiar
- Strukturert og med sterk gjennomføringsevne
God arbeidskapasitet
Vi tilbyr
- Ei spennande leiarstilling i eit godt fagmiljø og med mulighet for å utvikle seg som leiar.
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
avdelingsleder, ledelse, leder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 382649915
- Sist endret