Avdelingsleiar - 100% - Storhaugen bufellesskap
Alver kommune
- Frist 16.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsleiar - 100% - Storhaugen bufellesskap
Om stillinga
Vi har ledig ei spanande stilling som avdelingsleiar for eit bufellesskap i Knarvik som ligg under Habiliteringstenester i kommunen.
Tidlegare har Stallanemarka burettslag (https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/270951/avdelingsleiar-100-stallanemarka-burettslag) og Storhaugen bufellesskap vore ei avdeling men no går vi nye vegar. Framover skal vi ha ein leiar per hus med ein leiarstil som er "hands on" og tilstadeverande.
Som leiar har du heilskapleg ansvar for fag, personal og økonomi, samt ansvar for drift og utvikling av avdelinga. Du vil ha ei operativ rolle med ansvar for daglig drift av avdelingen. Kvardagen kan vera hektisk der dine evner til å prioritera oppgåver og planlegga eigen arbeidsdag er avgjerande. Du vil bli gitt stor grad av tillit og må være sjølvstendig, og vil dermed være med å forme rolla som leiar.
Om avdelinga vår
Bufellesskapet ligg sentralt i Knarvik med gratis parkering, og er ein bustad for 7 personar med ulike bistandsbehov. Ein fellesnemnar for å kunne yta gode tenester er langsiktig målarbeid som krev god struktur og føreseielege rammer. Aldersgruppa på bebuarane er frå 30 til 69 år. Det er kring 20 tilsette på avdelinga med ulike profesjonar.
Sjølve bufelleskapet består av eit hovedbygg med fellesareal, kontor og tre leiligheiter og 4 frittståande leiligheiter som ligg rett ved hovedbygget. Målet er å gje tenester av høg kvalitet for å sikre ein best mogleg kvardag for den einskilde. Det er ein god stad å vere ny, og dei tilsette vert teken godt imot. Arbeidsmiljøet pregast av sterkt engasjement for bebuargruppa og godt humør.
Kvalifikasjonskrav
- Autorisert vernepleiar eller sjukepleiar
- Erfaring frå arbeid med personar med nedsett funksjonsevne
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- God IKT- kunnskap
Kunnskap og erfaring med HOL kap. 9
Det er eit føremon om du har:
- Leiarerfaring og/eller vidareutdanning innan leiing og rettleiing
- Erfaring med å utarbeide turnus
- Erfaring frå arbeid i turnus
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for at den daglege drifta er planlagt, koordinert og gitt etter gjeldande lovverk og interne rutinar
- Økonomistyring i henhold til budsjett, månadleg økonomirapportering med utarbeiding av prognose.
- Personalansvar
- Samarbeid med andre avdelingar og samarbeidspartar
- Sikre at tenesta er fagleg og etisk forsvarleg
- HMS ansvar
- Ansvar for å leie avdelinga gjennom endring og omstilling.
- Sikre brukarmedverknad og samhandling med pårørande.
- Ansvar for å sikre eit godt partssamarbeid mellom leiar, verneteneste og tillitsvalde.
- Leie, rettleie og følge opp personalgruppen, samt iverksette og følge opp ulike faglige tiltak og vedtak etter Hol Kap 9
Personlege eigenskapar
Vi legger stor vekt på at du har personlige egenskaper som er viktige i en lederrolle. Vi søker deg som er brukar- og serviceorientert, med god kommunikasjonsevne både munnleg og skriftleg. Du er tydeleg, fleksibel og engasjert. Evna di til å skape gode relasjonar, motivere og sjå moglegheiter er viktig. Du har eit sterkt ønske om å utvikle avdelinga og tenesteområdet.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit fagleg godt arbeidsmiljø
- Lønn etter avtale
- Høve til å være med å påverke og utforme Habiliteringstenesta
- Støtte og fellesskap i leiarteamet
- God pensjonsordning, yrkesskade - og gruppelivsforsikring
- Spennande og variert arbeidskvardag i ei viktig teneste i kommunen
- Årleg kompensasjon på 7 ekstra fridagar for arbeid ut over ordinær arbeidstid, jf. rutine i Alver kommune
Tida framover: Alver i endring og omstilling
Alver kommune står i ein omstillingsprosess der me saman skal byggje Alver-laget for framtida. Habiliteringstenesta er i ei spanande utvikling, der vi skal gjennomføre organisatoriske og strukturelle grep for å sikre ei ressurseffektiv drift som på same tid yt gode og framtidsretta tenester. Det skal i organisasjonsprosjektet mellom anna vurderast avdelings- og leiarstruktur i Tenesteområdet.
Du vil som leiar, saman med dei andre avdelingsleiarane i Habiliteringstenesta og tenesteleiar, være med på å utvikle tenesta og bidra til felles kulturbygging. Som ein del av leiarteamet i Habiliteringstenesta er du med på å drive internt organisasjonsarbeid, for å sikre likeverdige, gode og berekraftige tenester i framtida.
Om arbeidsgiveren
Habiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.
Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Kvassnesvegen 16, 5914 Isdalstø
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 382790924
- Sist endret