Avdelingsleiar - forvaltningskontoret
Alver kommune
- Frist 29.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer etter jurist med erfaring frå helse- og sosialområdet
Om Forvaltningskontoret i Alver
Sektor helse og omsorg er p.t. organisert med kommunalsjef og 6 tenesteområde. Dette er tenesteområde for sjukeheim, heimeteneste, habilitering, lege- og rehabiliteringsteneste, psykisk helse og rus samt NAV. I tillegg har vi Forvaltningskontor og Fagutvikling stab med direkte rapportering til kommunalsjef.
Det er for tida 11 årsverk ved forvaltningskontoret og dei tilsette har god fagkompetanse og mykje erfaring.
Forvaltningskontor er lokalisert i Alver rådhus, og har m.a. følgjande arbeidsområder:
- Behandle søknader om helse- og omsorgstenester, omsorgsbustad, omsorgsbustad pluss, følgjebevis og parkeringsløyve og fatte vedtak i tråd med lov, forskrift samt kommunal tenesteoversikt, rutinar og samarbeidsprosedyrar.
- Oppdatere vedtak om helse- og omsorgstenester for eksisterande brukarar og pasientar etter evalueringar frå tenesteomåda
- Ha dialog med sjukehus og kommunale tenester om innlagte pasientar i sjukehus som treng helse- og omsorgstenester ved utskriving til kommunen
- Berekne vederlag for pasientar i sjukeheim og fatte vedtak om kva dei skal betale og gjennomføre etteroppgjer
- Lage fakturagrunnlag kvar månad for betalingstenester i helse og omsorg (økonomikontoret sender ut faktura)
- Behandle klager som førsteinstans. Oversende klagen til klageinstans (Statsforvaltar eller kommunal klagenemnd) for endeleg behandling
Alver i endring og omstilling
Alver kommune står i ein omstillingsprosess der me saman skal byggje Alver-laget for framtida. Det pågår arbeid med implementering av ny tenesteoversikt samt organisasjonsjustering av forvaltningsmodellen. Her vert det arbeida med tenleg justering av arbeidsflyt både internt ved kontoret og i samhandling med utøvande tenester med omsyn til:
- Mottak/inntak
- Kartlegging, revurdering og innstilling
- Tildelingsmøte HO tenester
Som avdelingsleiar har du ansvar for:
- Fag, personal og økonomi ( heilskapleg leiaransvar) samt ansvar for drift og utvikling av avdelinga.
- At dagleg drifta er planlagt, koordinert og gitt etter gjeldande lovverk og interne rutiner
- Sikre eit godt samarbeid internt på forvaltningskontoret, samt med andre avdelingar i kommunen og eksterne samarbeidspartar og då særskilt spesialisthelsetenesta
- Sikre at tenesta er fagleg og etisk forsvarleg
- Leie avdelinga gjennom endring og omstilling.
- Sikre brukarmedverknad og samhandling med pårørande.
- Sikre eit godt partssamarbeid mellom leiar, verneteneste og tillitsvalde
Kvalifikasjonskrav
- Jurist
- Erfaring innan helse og sosialområde
- Dokumentert kompetanse og erfaring med lovkrav relatert til kommunal forvaltning.
- Gode samarbeids- og formidlingseigenskapar både munnleg og skriftleg.
- Det er ein føremon med kunnskap og erfaring med Visma Profil EPJ.
- Det er også eit føremon om du har leiarkompetanse
Kven er du?
Vi søker deg som er brukar- og serviceorientert, med god kommunikasjonsevne både munnleg og skriftleg. Du er tydeleg, fleksibel og engasjert. Du har evne til å skape gode relasjonar, motivere, engasjere og sjå moglegheiter, og har erfaring med å nytte desse eigenskapane i endringsprosessar. Du har eit sterkt ønske om å utvikle avdelinga og støtte opp om kommunen sitt samfunnsoppdrag.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Mulighet til å bidra til utvikling i organisasjonen
- Interessante og utfordrende arbeidsoppgaver i et tverrfagleg miljø med dyktige medarbeidarar
- Gode muligheter for faglig og personlig utvikling
- Løn etter avtale
- God pensjonsordning
Om arbeidsgiveren
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Jurist, Kontor og administrasjon, Ledelse
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383800511
- Sist endret