Avdelingsleiar vatn og avløp
Sogndal kommune Vatn og avløp
- Frist 05.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsleiar vatn og avløp
Vil du vere med å utvikle eit viktig område for framtida i ein kommune i vekst? Sogndal kommune har meir enn 1300 tilsette som står på for å sikre gode, aktive og trygge liv for innbyggjarane våre kvar dag. Sogndal er kjend for å ha verdas beste snø, og ein natur som gir deg kvalitetsopplevingar heile året. Me er spådd å ha dei yngste innbyggjarane i landet i 2050 med eit spennande arbeidsliv, ein populær studiestad og eit rikt gründermiljø som viktige ingrediensar. Samstundes må me endre måten me leverer tenestene våre på for å lever gode tenester også i framtida. Det krev at me tenkjer nytt og me treng deg som vil vere med å legge grunnlaget for framtidas lokalsamfunn.
Om stillinga:
Sogndal kommune søkjer no ein engasjert og kompetent avdelingsleiar innan vatn og avløp. Stillinga inneber varierte oppgåver knytt til leiing av dagleg drift, personaloppfølging, planlegging og økonomistyring. I tillegg vil du delta i å utvikle og styre driftsprosjekt. Som avdelingsleiar vil du ha ei nøkkelrolle i planlegging og gjennomføring av viktige infrastrukturprosjekt for å sikre ein berekraftig og effektiv vatn- og avløpsinfrastruktur i kommunen. Kommunen jobbar etter prinsippet om å kontinuerleg tilpasse organisasjonen til behova. Du vil inngå i stab til leiar for teknisk drift, og jobbe tett saman med dei andre tekniske fagområda i kommunen, i tillegg til vatn og avløp.
Arbeidsoppgåver:
Planlegging og koordinering av dagleg drift ved alle oppmøtestader i kommunen
Økonomistyring inkludert oppfølging av drift
Koordinering av driftsprosjekt, med stor grad av samarbeid med eksterne aktørar
Delta i planlegging og gjennomføring av investeringsprosjekt i kommunen
Teknisk rådgiving og bistand til interne og eksterne aktørar
Kvalifikasjonar:
Me ser etter deg som har:
Relevant høgare utdanning innan ingeniørfag, gjerne med spesialisering innan vatn- og avløpsteknikk
Erfaring med prosjektleiing og gjennomføring av infrastrukturprosjekt
God økonomiforståing og erfaring med budsjetthandsaming
Gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
Evne til å jobbe sjølvstendig så vel som i team
Kjennskap til relevant regelverk og standardar
Må beherske norsk skriftleg og munnleg språk
Relevant erfaring kan vege opp for manglande utdanning
Me tilbyr:
Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø
Moglegheit for kompetanseutvikling og vidareutdanning
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Fleksibel arbeidstid
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Om arbeidsgiveren
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Riverdalen 5, 6856 Sogndal
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Nøkkelord
avdelingsleder, vann, avløp
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384742503
- Sist endret