Avdelingsleiar for Avdeling for bachelor i psykologi og master i åtferdsvitenskap
OsloMet - storbyuniversitetet
- Frist 08.01.2025
- Ansettelsesform Engasjement
Avdelingsleiar for Avdeling for bachelor i psykologi og master i åtferdsvitenskap
Institutt for åtferdsvitskap ved Fakultet for helsevitskap, søkjer avdelingsleiar for Avdeling for bachelor i psykologi og master i åtferdsvitskap. Avdelinga driv undervising og forsking av høg kvalitet og har ansvar for bachelorprogrammet i psykologi med vekt på åtferdsanalyse og masterprogrammet i åtferdsvitskap. I tillegg driv instituttet det største bachelorprogrammet i vernepleie i landet, og har ulike etter- og vidareutdanningar, bl.a. innan seksuell helse.
Tilsetting skjer på åremål for ein periode på fire år med moglegheit til å kunne søkje same stilling for endå to periodar – totalt 12 år. Stillinga er ledig frå 01.06.25. Det må påregnes noe reising til Campus Kjeller.
Institutt for åtferdsvitskap er del av eit stort og tverrfagleg helsevitskapleg fakultet. Dette skapar gode høve for tverrfagleg samarbeid på tvers av institutt og fagmiljø.
Avdeling for bachelor i psykologi og master i åtferdsvitskap har omtrent 15 fast tilsette, og i tillegg nokre stipendiatar. Bachelorprogrammet tar årleg opp 75–85 studentar, og masterprogrammet tar opp 60–70 studentar. Undervisinga i bachelorprogrammet blir gitt på Kjeller, medan undervisinga på masterprogrammet blir gitt i Pilestredet.
Universitetet har ei klar satsing på forsking, og fleire forskingsgrupper er etablerte ved instituttet.
AnsvarsområdeViktige trendar innan universitets- og høgskulesektoren er digitalisering, og auka konkurranse om studentane og om forskingsmidlar. Som avdelingsleiar har du fagleg og administrativt ansvar for Avdeling for bachelor i psykologi og master i åtferdsvitskap. Dette medfører resultatansvar for forsking, utdanning og formidling, og ansvar for HMS, personal - og økonomistyring. Avdelingsleiar skal vidare sørgje for eit godt og mangfaldig arbeidsmiljø. Avdelingsleiar har programansvar og er ansvarleg for at avdelinga bidrar med undervising i alle instituttet sine studieprogram og EVU. I tillegg tilkjem bidrag inn i det strategiske arbeidet og utviklinga ved instituttet.
Stillinga kan gi rom for noko FoU-aktivitet, men utan at det då går ut over ansvar og oppgåver som tilhøyrer leiarfunksjonen.
Avdelingsleiarane sit i leiargruppa ved instituttet og er ansvarlege for å gjennomføre OsloMet sine strategiar, og vedtak gjorde i leiarlinja ved universitetet. Avdelingsleiar rapporterer til instituttleiar. Ansvarsområde og arbeidsoppgåver for avdelingsleiar er nærare omtalte i stillingsbeskrivinga. Avdelingsleiar vil i tillegg vere sentral i arbeidet med å utvikle instituttet sine studietilbod ved nye Campus Romerike.
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine vil vere- leie og utvikle studieprogramma som ligg til ansvarsområdet i tett samarbeid med emneansvarlege
- sørgje for at utdanninga blir utvikla i tråd med gjeldande lovverk, forskrift og vedtatte strategiar
- personalleiing og økonomistyring
- bidra til utvikling og gjennomføring av strategien for fakultetet, verksemdsutvikling og ressursstyring
- bidra inn i leiargruppa for instituttet og vere pådrivar til at utdanningane skal vere leiande innan forsking og fagleg utviklingsarbeid
- relevant førstestillingskompetanse
- utdanning og/eller forskingserfaring innan åtferdsvitskap-/analyse, relevant for studieprogram ved avdelinga
- leiarerfaring, fortrinnsvis frå personalleiing og med endringsleiing
- gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i eit skandinavisk språk og engelsk
- formell leiarkompetanse
- fagleg kunnskap og nettverk relevant for studieprogram ved avdelinga
- erfaring med og interesse for digitalisering av universitets- og høgskule sektoren
- erfaring med systematisk kvalitetsforbetringsarbeid.
Du må
- like å leite etter gode løysingar og ha evne til å byggje gode relasjonar, motivere og inspirere medarbeidarar
- vere godt kjent med medverknadsprosessar i arbeidslivet og ha ein tydeleg leiarstil med god gjennomføringsevne og evne til å ta avgjerder
- ha evne til å samarbeide og byggje nettverk internt, nasjonalt og internasjonalt
At du er personleg eigna og har god rolle- og organisasjonsforståing som personalleiar og linjeleiar, vil bli tillagt stor vekt.
Det er viktig for OsloMet å spegle menneska i regionen, og vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkomen. Vi arbeider aktivt for å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å leggje til rette arbeidsplassen dersom du har behov for det. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdaning eller opplæring, er du også velkomen til å søkje hos oss.
Vi kan tilby deg- interessante og utfordrande leiaroppgåver i eit aktivt, dynamisk og mangfaldig fagmiljø
- leiarutviklingsprogram med mentorordning
- gode låne- og pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar og eit rikt tilbod av aktivitetar innan sport og kultur
Stillinga blir lønt etter Hovudtariffavtalane i staten og OsloMet sin lønspolitikk i 1473 studieleiar, lønstrinn 75–83, dvs. kroner 759 100–942 700 pr. år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Frå løna blir det trekt 2 prosent i lovfesta innskot i Statens Pensjonskasse.
SøknadsprosessVil du søkje på stillinga, må du søkje elektronisk gjennom vårt rekrutteringssystem. Innan søknadsfristen må du saman med søknaden laste opp følgjande dokument:
- CV, attestar og alle sider av vitnemål
- Fullstendig publikasjonsliste
- Gjerne tre referansar med kontaktinformasjon (overordna, sideordna og underordna)
Vi behandlar berre søknader sende via vårt rekrutteringssystem, og alle dokumenter må lastast opp for at søknaden din skal behandlast. Dokumenta må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk, og omsetjingar må vere autoriserte. Du må framvise originalar ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument, slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og rettferdig konkurranse.
Tilsetjinga blir gjennomført etter prinsippa i statstilsettelova (lovdata.no), og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tenester.
Det kan bli utført bakgrunnssjekk for å verifisere opplysningar som går fram av CV og tilgjengelege dokument. Bakgrunnssjekk blir ikkje gjennomført utan samtykke frå søkjar, og aktuelle søkjarar vil få nærare informasjon om dette.
Andre opplysningarDersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med:
- Instituttleiar Jan Egil Nordvik, mobil: 977 12 091/ e-post janegiln@oslomet.no
- For spørsmål av administrativ karakter: rådgivar HR Kate Olsen, tlf.: 91657981/ e-post: kateol@oslomet.no
Du som søkjar kan med heimel i offentleglova bli publisert på søkjarlista, sjølv om du har bede om at søknaden blir behandla konfidensielt. Dersom det skjer, vil du bli varsla før publisering.
Søknadsfrist: 8.januar 2025
Ref.: 24/27007
OsloMet er Charter & Code sertifisert av EU-kommisjonen med rettigheter til å bruke logoen HR Excellence in Research (HRS4R) og medlem i nettverket EURAXESS som bidrar til gode arbeidsforhold for mobile forskere.
OsloMet har sluttet seg til prinsippene og forpliktet institusjonen til å følge anbefalingene i DORA-erklæringen (sfdora.org) (The San Francisco Declaration on Research Assessment).
Ansettelsen blir gjennomført etter prinsippene i statsansatteloven og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tjenester. Søkere som er i konflikt med dette regelverket vil ikke anses kvalifisert for stillingen.
Besøk OsloMet på LinkedIn, Facebook, Instagram
Om arbeidsgiveren
OsloMet - storbyuniversitetet er Norges tredje største universitet med nesten 22 000 studenter og over 2500 ansatte. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forskning og utdanning med høy relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Pilestredet, 0167 Oslo
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Psykolog, Undervisning og pedagogikk
Nøkkelord
Adferdsvitenskap, spykologi, ledelse, undervisning, universitet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384829477
- Sist endret