Kommunikasjonssjef
Språkrådet
- Frist 13.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du leie Språkrådets kommunikasjonsarbeid?
Vil du leie kommunikasjonsarbeidet i Språkrådet?
Vi har ledig stilling som kommunikasjonssjef
I Språkrådet har vi ledig stilling som kommunikasjonssjef. Som tilsett i denne stillinga får du hovudansvaret for kommunikasjonsarbeidet i Språkrådet, og du vil vere fagleiar for kommunikasjonsmedarbeidarane.
Arbeidsoppgåver
Vi ønskjer oss ein kommunikasjonssjef som skal drive strategisk og operativt kommunikasjonsarbeid med utgangspunkt i strategiane og måla til Språkrådet. Sentrale oppgåver i stillinga er å
- utvikle og leie implementeringa av kommunikasjonsstrategien til Språkrådet
- planleggje intern og ekstern kommunikasjon
- samarbeide med fagavdelingane i Språkrådet om å utarbeide og gjennomføre kommunikasjonsplanar
- handtere førespurnader frå media
- utvikle og selje inn eigne saker til media
- utvikle kommunikasjonskanalane til Språkrådet slik at dei blir effektive kanalar i arbeidet med å nå dei overordna måla for verksemda
- analysere og evaluere effekten av kommunikasjonsaktivitetane
- samordne og leie det operative kommunikasjonsarbeidet
- vere fagleg leiar for kommunikasjonsmedarbeidarane
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer oss ein kommunikasjonssjef som har høgare utdanning med kommunikasjonsfag i
fagkrinsen. Relevant arbeidserfaring kan vege opp for manglande formalkompetanse.
Den som søkjer stillinga, må kunne vise til
- dokumentert erfaring med strategisk kommunikasjonsarbeid
- relevant erfaring med fagleiing
- gode kommunikasjonsfaglege resultat
- solid kunnskap om korleis ein skapar engasjement i digitale kanalar
- god kunnskap om bruk av analyseverktøy som gir innsikt i om ein lukkast med innhald i digitale kanalar
- god rolle- og samfunnsforståing, kunnskap om politiske prosessar og god kunnskap om norsk offentleg forvaltning
- svært god formuleringsevne og solid kompetanse i norsk (både nynorsk og bokmål)
Hos oss får du
- interessante faglege utfordringar i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
- eit hyggeleg og sterkt fagmiljø med kunnskapsrike og erfarne kollegaer
- fagleg utvikling
- moderne og trivelege kontorlokale sentralt i Oslo med innandørs sykkelparkering og kort veg til kollektivnettet
- subsidiert kantine
- fleksibel arbeidstid
- høve til å arbeide på heimekontor (etter nærare avtale)
- høve til å trene i arbeidstida
- medlemskap i Statens pensjonskasse
Stillinga blir plassert som fagdirektør i stillingskode 1538 med ei årsløn på 800 000–910 000 kroner, alt etter kvalifikasjonar og erfaring. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.
Språkrådet meiner at inkludering og mangfald i arbeidslivet gjer at vi kan utføre samfunnsoppdraget vårt på ein god måte. Difor ønskjer vi medarbeidarar med variert kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie å bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjaren oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling). Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidstid.
Vi oppmodar søkjarar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen blir brukte til anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer om i årsrapportane sine.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane kan bli gjorde offentlege sjølv om søkjarane har bede om å ikkje bli førte opp på søkjarlista, jamfør offentleglova § 25.
For å sikre ei grundig og rettferdig vurdering av kandidatane nyttar vi den arbeidspsykologiske testen People Test Person (PTP) i rekrutteringsprosessen. Testen vil bli gjennomført av ein ekstern samarbeidspartnar og vil berre bli brukt på kandidatar som går vidare frå førstegongsintervjuet.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Observatoriegata 1 B, 0254 Oslo
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon, PR, informasjon og kommunikasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse, PR og informasjon, Rådgivning
Nøkkelord
Kommunikasjonsledelse, Kommunikasjon, Kommunikasjon og språk, Kommunikasjonansvarlig, Kommunikasjonsstrategi
(1/7)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384840702
- Sist endret