Avdelingsleiar HMS / bedriftshelsetenesta
Helse Fonna HF
- Frist 02.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsleiar HMS / bedriftshelsetenesta
Vil du leie HMS / bedriftshelsetenesten i Helse Fonna?
Vi søkjer etter ein leiar som skal ha ansvaret for utvikling av det førebyggande helsearbeidet og det systematiske HMS-arbeidet. Helse Fonna er ein stor og kompleks organisasjon med gode moglegheitar for den rette kandidaten.
Avdelinga er samansett av eit godt samansveisa tverrfagleg team med bedriftslege, fysioterapeut, HMS ingeniør og sjukepleiarar, totalt 6 medarbeidarar. Stillinga rapporterer direkte til HR-direktør og inngår i HR-direktør si leiargruppe.
Arbeidsoppgåver
- Leie og vidareutvikle avdelinga i tråd med gjeldande lover og forskrifter
- Vidareføre eit godt samarbeid med leiarar og tilsette i Helse Fonna og våre samarbeidspartar
- Delta i rådgjeving og oppfølging av helse- og arbeidsmiljø på individ-, gruppe- og organisasjonsnivå
- Vidareutvikle og kvalitetssikre systemdokumentasjon og gode arbeidsprosessar
- Rapportering og oppfølging av indikatorar på HMS-område
- Totalansvar for fag, personell, drift og økonomi i avdelinga
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning med kompetanse på HMS og BHT-faget
- Erfaring frå leiing og utvikling
- God kjennskap til ulike verktøy i arbeidsmiljø-/prosessarbeid
- God kunnskap om lov og forskrift på fagfeltet
- God skriftleg og munnleg evne til formidling
Personlege eigenskapar
- Du er analytisk, strukturert og løysingsorientert
- Gode leiareigenskaper, evne til å motivera og inspirera medarbeidarane
- Gode evner til å bygge relasjoner og nettverk
- Du tek initiativ, har god arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
Vi tilbyr
- Eit spanande fagmiljø med engasjerte og dyktige kolleger
- Utfordrande arbeidsoppgåver og moglegheitar for utvikling
- Eit godt og inkluderande arbeidmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
hms, bedriftshelsetjeneste, sykehus, administrativ
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384886742
- Sist endret