Tenesteleiar skule
Alver kommune
- Frist 09.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Bli vår nye tenesteleiar for grunnskule – og set spor i framtida til barn og unge i Alver kommune!
Om stillinga
Er du ein engasjert og tydeleg leiar med hjarte for skuleutvikling? Vil du bidra til læring, trivsel og meistring for elevar i ein kommune med ambisiøse mål for framtida? Då kan dette vere stillinga for deg!
I Alver kommune er skulane ein sentral arena for utvikling og trivsel. Kvar dag jobbar våre dyktige leiarar og medarbeidarar for å sikre at elevane våre får eit godt opplæringstilbod og opplever meistring i trygge fellesskap. No ser vi etter ein kompetent og framtidsretta tenesteleiar for grunnskule som kan leie dette viktige arbeidet vidare.
Kommunen er inne i ei spanande omstillingsfase der vi legg til rette for meir berekraftig drift, basert på ein nyleg vedteken barnehage- og skulebruksplan. Stillinga inneber ei unik moglegheit til å påverke denne prosessen, inkludert oppretting og rekruttering til ei ny stilling som assisterande tenesteleiar.
Kva kan vi tilby deg?
Som tenesteleiar får du:
- Ei sentral leiarstilling i oppvekstsektoren, med ansvar for strategisk utvikling av grunnskulane i Alver kommune.
- Eit team av kompetente og engasjerte leiarar og medarbeidarar.
- Moglegheiter til å jobbe tverrfagleg i kommunalsjefen si leiargruppe, saman med leiarar for barnehage, PPT, helsestasjon og barnevern.
- Ein spennande arbeidskvardag med utfordrande og meiningsfulle oppgåver.
Arbeidsoppgåver
Som tenesteleiar for grunnskule vil du ha eit heilskapleg ansvar for økonomi, personal og resultat innan tenesteområdet. Du vil vere næraste leiar for rektorane ved grunnskulane og vaksenopplæringa, og arbeidet ditt vil inkludere å leie utviklings- og omstillingsprosessar i samarbeid med leiarteamet og staben. Det er forventa at du sikrar kvalitet og utvikling i skulesektoren ved å følgje opp kommunen sitt etablerte kvalitetssystem.
I tillegg vil du delta aktivt i politiske og administrative prosessar, og sørgje for at vedtak blir følgde opp. Arbeidet ditt vil innebere å fremje samarbeid og utviklingsprosjekt på tvers av tenesteområda, med eit spesielt fokus på barn og unge. Vidare skal du bidra til eit godt partssamarbeid med tillitsvalde og sikre at kommunen har effektive system og strukturar for internkontroll.
Kvalifikasjonskrav
For å bli vurdert til stillinga, må du ha skulefagleg utdanning på høgskule- eller universitetsnivå. Det er ønskjeleg med vidareutdanning i leiing, gjerne på masternivå. Du bør også ha relevant erfaring som leiar frå skule eller tilsvarande stillingar. Innsikt i offentleg forvaltning, inkludert lov- og avtaleverk, er nødvendig, og du må ha gode munnlege og skriftlege framstillingsevner.
Personlege eigenskapar:
Vi søkjer etter deg som:
- Er ein tydeleg, synleg og motiverande leiar som byggjer tillit og engasjement.
- Har solid fagleg bakgrunn og erfaring innan skuleleiing.
- Har gode kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter, og evner å leie gjennom andre.
- Er resultatorientert, strukturert og har god økonomisk forståing.
Har interesse for og erfaring med utviklingsarbeid og digitalisering i skulen.
I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltreding.
Kvifor søke på stillinga?
Dette er ei unik moglegheit til å vere med på å forme framtida til skulesektoren i ein kommune i utvikling. Du vil få ansvar og innverknad i ein dynamisk organisasjon som set kvalitet og barn sitt beste i sentrum. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår, eit inkluderande arbeidsmiljø og store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
Er dette noko for deg?
Send oss ein søknad der du fortel kvifor akkurat du er rett person for denne spennande rolla!
Saman skaper vi framtida for elevane i Alver kommune!
Om arbeidsgiveren
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Undervisning og pedagogikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 386356797
- Sist endret