Avdelingsleiar - 100%
Om Alver kommune
- Frist 21.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye avdelingsleiar for bygg og anlegg?
Ved avdeling bygg og anlegg søkjer me etter ein ny avdelingsleiar då noverande leiar går av med pensjon.
Stillings som avdelingsleiar er spennande og eit viktig ansvar for å bevare den kommunale byggningsmassen og anlegga våre. Avdelinga bygg og anlegg består i dag av 45 ansatte innan vedlikehaldspersonell, byggdriftarar, rørleggarar og elektropersonell.
Som leiar har du eit heilskapleg ansvar for fag, personal og økonomi, samt ansvar for drift og utvikling av avdelinga. Du vil ha ei operativ rolle med ansvar for daglig drift av avdelinga. Kvardagen kan vera hektisk der din evne til å prioritera oppgåver og planlegga eigen arbeidsdag er avgjerande. Du vil bli gitt stor grad av tillit og må være sjølvstendig, og vil dermed være med å forme rolla som leiar.
Avdelinga høyrer inn under tenesteområdet drift og vedlikehald som består av tre avdelingar i dag; reinhald, bygg og anlegg, veg vatn og avlaup.
Tenesteområdet høyrer inn under sektor samfunnsutvikling, som i tillegg til drift og vedlikehald omfattar eigedomsforvaltning, arealforvaltning, kultur, Norhordland brann og redning, og plan og analyse.
Arbeidsoppgåver
- Drift og vedlikehald av kommunale bygg og anlegg
- Heilskapleg fagleg og administrativ leiing, med personal-, økonomi- og fagansvar for avdelinga, i ein strategisk-operativ kontekst
- Langsiktig og målretta planlegging, bidra til å etablera, utvikla og sørgja for god drift av avdelinga
- Utarbeide kvalitets-, og kontrollsystem som er styrande for aktiviteten i avdelinga
- Budsjettarbeid, planarbeid og organisasjonsutvikling
- Det vil vera særleg fokus på samhandling og samarbeid med tenesteområdet eigendomsforvaltning og andre sektorar som nyttar tenestene
- Avdelingsleiar inngår i leiargruppa i sektoren for Samfunnsutvikling og rapportering skjer til tenesteleiar og øvrig leiing, og politisk ved behov
Kvalifikasjonskrav
- Relevant utdanning på høgare nivå, meisterbrev er ein fordel for stillinga
- Dokumentert erfaring med, og interesse for, personalleiing, økonomiforståing og erfaring innan budsjettering, økonomistyring og rapportering
- Relevant yrkeserfaring frå bygningsdrift, som entreprenør eller leiar med oppfølging på byggjeplass, parkanlegg eller liknande
- Erfaring frå forhandlingar, kontraktsinngåingar og offentlege innkjøp
- God digital kompetanse
- Evne til å tenkja kritisk og strategisk for å oppnå måla til organisasjonen med god rolleforståing og sterke kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Gode mellommenneskelege eigenskapar, løysingsorientert og fleksibel samt evne til å gjera andre gode og til å skapa eit godt arbeidsmiljø
- God gjennomføringsevne, nøyaktig og kvalitetsbevisst og strukturert, ansvarleg, sjølvstendig og initiativrik, med interesse for både administrativt og praktisk arbeid
- God formidlings- og formuleringsevne både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit fagleg godt arbeidsmiljø
- Løn etter avtale
- Høve til å være med å påverke og utforme drift og vedlikehald av kommunale bygg og anlegg
- Støtte og fellesskap i leiarteamet
- God pensjonsordning gjennom KLP, yrkesskade - og gruppelivsforsikring
- Spennande og variert arbeidskvardag i ei viktig teneste i kommunen
- Årleg kompensasjon på 7 ekstra fridagar for arbeid ut over ordinær arbeidstid, jf. rutine i Alver kommune
Personlege eigenskapar
- Evne til å tenkja kritisk og strategisk for å oppnå organisasjonens mål
- God rolleforståing og sterke kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Gode mellommenneskelege eigenskapar, løysningsorientert og fleksibel
- Evne til å gjera andre gode og til å skapa eit godt arbeidsmiljø
- Du er omgjengeleg, kreativ, involverande, raus, romsleg og løysingsorientert.
- God gjennomføringsevne, nøyaktig og kvalitetsbevisst
- Strukturert, ansvarleg, sjølvstendig og initiativrik, med interesse for både administrativt og praktisk arbeid
- God formidlings- og formuleringsevne både munnleg og skriftlig
- Interesse for teknologi og kontinuerleg forbetring av arbeidsmetodikkar og arbeidsprosessar.
- Ein leiar med blikket på dei overordna måla, men samstundes auge for og evne til å gripa moglegheiter innan innovasjonstenkning og effektiviseringsløsningar
Tida framover: Alver i endring og omstilling
Alver kommune står i ein omstillingsprosess der me saman skal byggje Alver-laget for framtida. Bygg og anlegg avdelinga er i ei spanande utvikling, der vi skal gjennomføra organisatoriske og strukturelle grep for å sikra ei ressurseffektiv drift som på same tid yt gode og framtidsretta tenester.
Du vil som leiar, saman med leiargruppa i tenesteområdet drift og vedlikehald, vera med på å utvikla tenesta og bidra til felles kulturbygging. Som ein del av leiarteamet er du med på å driva internt organisasjonsarbeid, for å sikra likeverdige, gode og berekraftige tenester i framtida.
Vi er Alver
Bli kjent med oss!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4
Om arbeidsgiveren
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Stølen 7, 5914 Isdalstø
- Bransje: Bygg og anlegg, Drift og vedlikeholdstjenester, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Håndverker, Kontor og administrasjon, Ledelse
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 387886649
- Sist endret