Rektor
Kvam herad
- Frist 26.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Rektor Kvam ungdomsskule
ER DU DEN NYE REKTOREN VED KVAM UNGDOMSSKULE?
Me treng ein raus, tydeleg og engasjert rektor som kan leia Kvam ungdomsskule frå 1. august 2025!
Kvam ungdomsskule ligg plassert i vakre omgjevnader i Øystese i Hardanger, og har neste skuleår 269 flotte elevar som kjem frå Øystese, og bygdene rundt; Ålvik, Norheimsund, Steinsdalen og Vikøy. Dei tilsette har høg fagleg kompetanse og god samarbeidskultur. Variasjon i undervisning og arbeidsmåtar, gode relasjonar og inkluderande klasseleiing er viktig i Kvammaskulen. Alle skulane i Kvam har støttesystem som gjev rask hjelp til elevar når behov dukkar opp. Skulen har eit aktivt og engasjert elevråd og foreldregruppe som støttar opp om eit trygt og godt skulemiljø.
Fokusområda til skulen dette året er følgjande:
- Udir og Statsforvaltaren si Oppfølgingsordning med fokus på trygt og godt skulemiljø og ordinær og inkluderande undervisning
- BTI /Betre Tverrfagleg Innsats
- HMS for tilsette
Arbeidsoppgåver
Rektor har ansvar for den totale drifta av skulen: pedagogisk, administrativt og økonomisk. Rektor er leiar for tre avdelingsleiarar, lærarar, fagarbeidarar, miljørettleiarar og administrativ medarbeidar som til saman vert omlag 50 tilsette.
Rektor arbeider tett med skuleeigar og rektorkollegiet i grunnskulen i Kvam, og samarbeider tverrfagleg med PPT, helsesjukepleiar, psykolog, barnevern og familiesenteret. Kvam har eiga mentorordning for nytilsette rektorar, nettverk for rektorar og faste kvalitetsdialogar mellom skuleleiarar og skuleeigar.
Som rektor vil du:
- leia skulen i tråd med vedtekne rammer, politiske og administrative vedtak og gjeldande lovverk
- vidareutvikla ein trygg og god skule, med eit inkluderande læringsmiljø for elevane og eit profesjonsfellesskap for dei tilsette
- forvalta skulen sine totale ressursar strategisk slik at han sikrar god undervisning og læring
- vidareutvikla det pedagogiske arbeidet, slik at læringsutbytet for kvar elev aukar
- bruka forskingsbasert kunnskap og skapa engasjement om felles mål i tråd med LK 20
- involvera og samarbeida med elevar, tilsette, føresette og andre samarbeidspartar
Kvalifikasjonar
Me treng ein rektor som har:
- godkjend kompetanse etter Opplæringslova §17-1 og 17-2
- rektorerfaring og/eller leiarutdanning eller sekundært som er villig til å gjennomføra rektorutdanning
- oversikt over nyare forsking på skuleutvikling
- administrativ kompetanse, samt IT-kompetanse
- kjennskap til aktuelle lover og avtaleverk for grunnskulen
Krav om politiattest i samband med tilsetjing jfr. Opplæringslova §17-11. Denne skal ikkje leggjast ved søknaden.
Personlege eigenskapar
Me treng ein rektor som :
- er raus, engasjert, tydeleg
- er visjonær og ambisiøs på elevane og skulen sine vegne
- har eit positivt elevsyn og fokus på meistring for elevar og tilsette
- er utviklings- og endringsorientert
- er imøtekomande og til stades for elevar, føresette, tilsette og samarbeidspartnarar
- toler høgt arbeidstempo og kan arbeida etter tidsfristar
- kan bidra til å utvikla det profesjonelle læringsfelleskapet på skulen og gjennom samhandling i oppveksteininga i Kvam herad
- kan analysera, planleggja, gjennomføra og styra innan vedtekne rammer
Me tilbyr
- samarbeidsfora med alle skuleleiarane i kommunen og med overordna skuleleiing
- leiarsamlingar med alle 80 leiarane i kommunen
- høve til å delta i utvikling av Kvammaskulen
- leiarstøtte frå sentrale IT, HR og økonomifunksjonar
- høve til å delta på rektorutdanning
- godt kollegialt samarbeid
- godt tverrfagleg samarbeid
- Lønn etter avtale, med gode pensjons- og forsikringsvilkår
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Om arbeidsgiveren
Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av regionsenteret vårt Norheimsund.
Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.
Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Holmatunvegen 12, 5610 Øystese
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Rektor / Ass. Rektor
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Skoleleder, Kvam Ungdomsskole, Rektorutdanning, Ledererfaring, Administrativ kompetanse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 387925120
- Sist endret