Daglig Leder
Voss Resort AS
- Frist 17.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Voss Resort AS søkjer ein dynamisk og salsorientert leiar til rolla som dagleg leiar.
Som ein av Noregs leiande fjelldestinasjonar tilbyr Voss Resort ei ekte heilårsoppleving, med framifrå skimuligheiter, eit breitt sommarprodukt og ein unik møteplass på Hangurstoppen med ei særprega restaurant og konferansemoglegheiter, lokalisert på toppen av Voss Gondol.
Med si unike plassering langs Bergensbanen, berre litt over ein time frå Bergen internasjonale flyplass, har Voss Resort ei internasjonal tilgjenge utanom det vanlege. Som eit senter for internasjonale cruiseturistar aukar potensialet ytterlegare. I samarbeid med Park Hotel og deira velrenommerte restaurant og vinkjellar, vert det tilbydd eit utal reisemoglegheiter.
Sidan opninga av Voss Gondol i 2019 har Voss Resort etablert eit heilårstilbod i verdsklasse. No søkjer vi ein dagleg leiar som kan vere med på å drive den kommersielle utviklinga og bidra til å auke talet på gjester året rundt.
Me søkjer ein dagleg leiar som:
- Er ein tydeleg talsperson for Voss Resort, både internt og eksternt
- Ledar organisasjonen på ein inspirerande og utviklande måte
- Har evna til å forankre ein tydeleg strategi i dialog med styret
- Effektivt kan omsetje strategien til handling, saman med organisasjonen
- Ledar det kommersielle arbeidet innan sal og marknadsføring og deltek i forhandlingar med aktørar innan reiselivsnæringa
- Kontinuerleg utviklar organisasjonen og verksemda for å møte marknadens behov
- Samarbeider med CFO for å handtere økonomiske spørsmål ovanfor styret, bankar og andre interessentar
- Lever og verkar med utgangspunkt i Voss
For å lukkast i rolla som dagleg leiar i Voss Resort AS, trur vi at du har:
- Dokumentert leiarerfaring
- Solid erfaring innan marknad og sal, med god forståing for relevante salsverktøy og prosessar
- Erfaring frå reiselivsnæringa, der erfaring frå destinasjonar og spesielt skidestinasjonar er ein fordel
- Erfaring frå F&B-verksemd (mat og drikke)
- Ein genuin interesse for ski og skikøyring
- Omsetnad: ca. 125 millionar NOK
- 34 heiltidsstilte
- Ca. 56 årsverk
- Ca. 100 hovudtal vinterstid
- Kontor sentralt på Voss ved botnstasjonen til Voss Gondol
Voss Resort AS har eit syskjenføretak, Voss Resort Prosjektutvikling AS, som handterer eigedomsutviklinga på destinasjonen Voss Resort. Saman med dagleg leiar i Voss Resort Prosjektutvikling AS vil stillinga ha eit felles ansvar for planen for utviklinga av destinasjonen.
Om arbeidsgiveren
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Lederkategori: Leder
- Sted: Evangervegen 3, 5704 Voss
- Bransje: Hotell og overnatting, Reise og turisme, Restaurant, mat og uteliv
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Markedsfører, Salg
Nøkkelord
daglig leder, reiselivsnæringen, destinasjon, skisted, salg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389400567
- Sist endret