Kontrollsjef
Vestland fylkeskommune
- Frist 05.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Kontrollsjef
Kontrollutvalet skal føre tilsyn og kontroll med den fylkeskommunale forvaltninga på vegne av fylkestinget, og sjå til at fylkeskommunen har ei forsvarleg revisjonsordning. Utvalet skal gjennom arbeidet sitt bidra til at innbyggarane og andre interessentar har tillit til Vestland fylkeskommune, og at fylkeskommunen leverer tenester og utfører mynde effektivt og målretta i tråd med lov, forskrift og regelverk, samt fylkestinget sine føresetnadar og vedtak. Kontrollutvalet gjev innstilling i revisjonssaker direkte til fylkestinget.
Sekretariatet er kontrollutvalet sin viktigaste hjelpar og støttespelar. Eit velfungerande sekretariat er ein føresetnad for at kontrollutvalet skal kunne utføre sin kontrollfunksjon på ein god måte.
Alle kommunar i Vestland har tilbod om å kjøpe tenester frå sekretariat for kontrollutvalet i Vestland fylkeskommune. Det blir i dag levert sekretariatstenester til 15 kommunar i fylket. Sekretariatsfunksjonen for kontrollutvalet er direkte underlagt kontrollutvalet.
Arbeidsoppgåver
I stillinga som øvste leiar for sekretariatet blir du eit viktig bindeledd mellom utvalet og revisjonen til kommunane. Her bidrar du til å vidareføre konstruktiv dialog og samspel med revisjonen og fylkestinget/kommunestyra. Stillinga medfører òg mykje kontakt med kommunen sine verksemder, media og innbyggjarar.
Du får ei sjølvstendig rolle og det daglege ansvaret for at oppgåver blir utført i samsvar med lover, forskrifter og vedtak. Du kvalitetskontrollerer arbeidet i sekretariatet. Du har også sekretæransvaret for utvalet og skal sjå til at saker er forsvarleg utgreia og at vedtak blir sett i verk. Vidare ligg også ansvaret for at det vert utført risiko- og vesentlegheitsvurderingar, samt utarbeide planar for forvaltningsrevisjon og eigarskapskontroll.
Kvalifikasjonar
- Du har utdanning på universitets- eller høgskulenivå i revisjon, økonomi, jus eller samfunnsfag og relevant erfaring – gjerne frå sekretærarbeid for folkevalde organ, kommunal revisjon og/eller kommunal administrasjon. Omfattande og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
- Du må ha leiarerfaring frå offentleg eller privat verksemd.
- Du har inngåande kjennskap til regel- og avtaleverket.
- Erfaring frå offentleg forvaltning vil vere ein fordel.
- Du bør ha kjennskap til styringssystemet i kommunesektoren generelt og kunne vise god forståing for og erfaring med avgjerdsprosessar i folkevalde organ.
- Vi ser det som ein fordel om du viser god forståing for digitalisering som verkemiddel for utvikling og effektivisering.
- Du vil få noko reiseverksemd i stillinga og må ha førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Som leiar av sekretariatet er det viktig at du viser god rolleforståing.
- Vi ser etter deg som har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, med sterk språkkompetanse både munnleg og skriftleg.
- Du har gode sosiale ferdigheiter og evne til å skape god relasjon og tillit.
- Arbeidet vil krevje at du bruker erfaringa di, er trygg i leiarrolla og har stor arbeidskapasitet, med evne til å strukturere og prioritere, utvikle og forbetre.
Vi tilbyr
- ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
- eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer
- moglegheit for å utvikle seg fagleg
- ei årsløn som vil ligge i spennet 900 000 -1 100 000 (for særskilt godt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere å gå ut over dette)
- gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Revisjon og kontroll
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
revisjon, kontrollutvalg, ledelse, administrasjon, samfunnsfag
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389539561
- Sist endret