Seksjonsleiar
Helse Bergen
- Frist 02.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Seksjonsleiar
Vi søker etter seksjonsleiar til Seksjon for kliniske fag - BHM.
Eining for behandlingshjelpemiddel (BHM) har ansvar for utlån og forvaltning av medisinsk-teknisk utstyr og tilhøyrande forbruksmateriell tilpasientar som blir utskrevne med spesialisert heimebehandling.
Eininga er organisert med to seksjonar, Seksjon for kliniske fag og Seksjon for logistikk og verkstad. Vi arbeider i nært samarbeid ograpporterer som ei felles eining. Eininga har 37 tilsette totalt og omfattarbåde sjukepleiarar, merkantilt personell, ingeniørar, lagermedarbeidarar,sjåførar, assistentar, stab og leiare. Vi samarbeider for å finne dei godeløysingane for våre pasientar og for å sikre ei effektiv drift.
Vi arbeider mot heimebuande pasientar og deira interessentar, noko som gjer det viktig å ha forståing av heilskapleg behandling. Vikommuniserer både direkte og indirekte med pasientar og deiranettverk/støtteapparat, og vi har ein glidande overgang frå dei kliniskeavdelingane med høve for poliklinisk oppfølging hos oss. Vi tilbyr i tilleggvåre pasientar ein heilskapleg teneste i form av vår bandasjistverksemd.
Fokus på heimebehandling er aukande og vår teneste mot heimebuande pasientar utviklar seg raskt, så dette eit høve til å arbeideinnanfor eit spennande satningsområde!
Arbeidsoppgåver
- Samarbeide tett i BHMs leiargruppe beståande av einingsleiar og seksjonsleiar ved Seksjon for logistikk og verkstad
- Ansvar innan ansvarsområde sitt for økonomi, personal og fag
- Dagleg oppfølging av tilsette i GAT (sjukefråvær, permisjonar, oppfølging av ferie/avspasering og vaktplan)
- Tilrettelegge for tilsettes fag- og kompetanseutvikling, og administrere kompetanseportal
- Vidareutvikle eininga innanfor eige ansvarsområde og bidra aktivt til å sikre gode pasientforløp i eininga
- Utvikle og halde ved like eit godt samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar/interessentar
- Administrere elektronisk kvalitetshandbok (EK) innanfor eige ansvarsområde
- Handle innanfor gjeldande lover, forskrifter, avtalar og interne bestemmingar
Kvalifikasjonar
- sjukepleiar med spesialkompetanse innanfor relevant fagområde
- klinisk erfaring frå spesialisthelsetenesta
- meistre norsk, både skriftleg og munnleg
- ha god kommunikasjons- og samarbeidsevne
- evne til å handtere tidspress og fristar
- ha evne og motivasjon til å halde kunnskapen din oppdatert, i tråd med utviklinga av vår teneste og eiga leiarutvikling
- kunnskap om og erfaring med heimebehandling er en fordel
Personlege eigenskapar
- Vere engasjert og serviceinnstilt
- Skape tryggleik og tillit i kommunikasjon og relasjon
- Vere rettferdig, klar og tydeleg
- Vere strukturert og organisert i arbeidet ditt
- Vere lojal mot beslutningar
- Vere løysings- og resultatsorientert
- Ha evne til å gjennomføre til det beste for verksemda og heilskapen
- Ha evne til å leie og motivere medarbeidarar til å utnytte sitt potensiale både som enkeltindivid og gruppe
Vi tilbyr
- Ein spennande jobb innanfor eit utviklings- og satningsområde
- Eit stabilt arbeidsmiljø prega av stort mangfald
- Fleksibel arbeidsordning
- Pensjon og forsikringsvilkår i KLP
- Lønn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Solheimsgaten 13, 5058 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
seksjonsleder, sykepleier med spesialkompetanse, behandlingshjelpemidler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389873591
- Sist endret