![Finansdepartementet logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2025/2/vertical-0/05/5/392/219/245_63146ec0-081e-4f05-94e0-304e7fcfc0a9.png)
Direktør Direktoratet for forvaltning og økonomistyring
Finansdepartementet
- Frist 9.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Finansdepartementet søkjer direktør til Direktoratet for forvaltning og økonomistyring, DFØ.
DFØ har som samfunnsoppdrag å bidra til effektiv ressursbruk i staten og til at staten når måla sine gjennom god styring, organisering, leiing og gode avgjerdsgrunnlag. Stillinga som direktør gir høve til å leie ein høgt kompetent organisasjon, drive fram framtidsretta løysingar og bidra til ein effektiv og velfungerande statleg sektor.
Vi søkjer ein utviklingsorientert, samlande og samfunnsengasjert direktør som er motivert for å vere ein synleg pådrivar for effektiv ressursbruk i staten. Ny direktør må kombinere innovasjon og utvikling med solid drift og effektive tenesteleveransar med høg kvalitet. Direktøren må ta eit heilskapleg ansvar for organisasjonen og oppgåvene til DFØ, og ha høge ambisjonar for utviklinga. Evna til å mobilisere eiga leiargruppe og organisasjonen elles, er sentralt for å lukkast. Dette set særlege krav til evne til strategisk tenking og heilskapsblikk.
Den rette kandidaten har interesse for digitalisering og korleis teknologi kan nyttast til å utvikle forvaltninga og frigjere ressursar.
Direktøren vil ha ei brei og samansett kontaktflate. Det er viktig å ha tydelege bodskap og skape tillit, og samstundes vere open for dialog. Direktøren er ein viktig rådgivar for departementa, og brei innsikt i forvaltinga er verdifullt.
Vi legg vekt på:
• Solid samfunns- og rolleforståing, og innsikt i sentrale avgjerdsprosessar i statsforvaltinga
• Overordna erfaring med forvaltings- og tenesteutvikling, gjerne med digitale løysingar og omstilling
• Interesse for og kunnskap om leiing, forvaltingsutvikling og økonomistyring
• Sterke analytiske og strategiske evner med kapasitet til og interesse for å setje seg inn i krevjande fagfelt
• Relevant leiarerfaring og gode leiareigenskapar
• Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, òg i krevjande situasjonar
• Relevant utdanning på masternivå
Stillinga er eit åremål for seks år med moglegheit for fornying éin gong. Stillinga krev tryggleiksklarering. Lønn etter avtale.
Offentleg søkjarliste og kontakt
Før søknadsfristen kan interesserte ta fortruleg kontakt med våre rådgjevarar i BackerSkeie, Ann-Kristin Nyrønning, tlf. 920 85 397/Are K. Skeie tlf. 950 66 183 eller ekspedisjonssjef Tina Engelsrud i Finansdepartementet, på tlf. 930 28 074. Søknad med CV registrerast via «Din karriere» på www.backerskeie.no innan 9. mars 2025.
Etter at søknadsfristen har gått ut, blir det utarbeidd søkjarlister. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjarar har bede om å ikkje bli førte opp på den offentlege søkjarlista. Blir det aktuelt, tek vi kontakt før offentleggjering.
Det er ønskjeleg å spegle mangfaldet i samfunnet, og vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar uavhengig av bakgrunn og tilhøyrsle til å søkje. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det. Les meir på Arbeidsgivarportalen.
Om arbeidsgiveren
Finansdepartementet har det overordna administrative og budsjettmessige ansvaret for DFØ. Det faglege ansvaret er fordelt mellom Finansdepartementet, Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet.
Sjå meir om dette på www.dfo.no.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Revierstredet 3, 0151 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Økonomi og regnskap, Samfunnsøkonomi
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
direktør, forvaltning, økonomistyring, offentlig forvaltning, offentlig sektor
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392219245
- Sist endret