Avdelingsleiar Helse og oppvekstfag/ Bygg og anlegsteknikk
Vestland fylkeskommune
- Frist 26.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsleiar Helse og Oppvekst/ Bygg og Anleggsteknikk
Knarvik vidaregåande skule har ledig fast 100 % stilling som avdelingsleiar. Du blir del av skulen si leiargruppe med rektor, ass. Rektor, og 7 andre avdelingsleiarar, og får ansvar for utdanningsprogramma Helse og Oppvekstfag og Bygg og anleggsfag med tilsaman 20 tilsette. Ansvarsområde for stillinga kan endrast.
Du får ei viktig rolle i utviklinga av skulen, i lag med resten av leiargruppa. Vår visjon er læring og vekst for alle. Utviklingsplanen vår har tre hovudområder dette skuleåret; vurdering intregrert i opplæringa, trygt og godt skulemiljø og kunstig intelligens.
Skulen har 870 elevar, 170 tilsette og ligg 25 min frå Bergen sentrum med hurtigbåt, og er lett tilgjengeleg med direkte ekspressbussar.
Vi har mange ulike utdanningsprogram innanfor både yrkesfag, studiespesialisering, yrkesfagleg studiekompetanse (TAF/YSK) og tilrettelagt opplæring.
Arbeidsoppgåver
Som avdelingsleiar er du ein del av leiargruppa til skulen og har leiaroppgåver innanfor personalleiing, pedagogisk utvikling, økonomi og administrasjon. Du set elevane si læring og utvikling i sentrum og følgjer opp elevane sitt læringsmiljø og læringsutbyte fagleg og sosialt.
Du har personalansvar for dei tilsette i avdelinga, og ansvar for timeplanarbeid og vikarhandtering. Du vil jobba med pedagogisk og fagleg utvikling og ha tett samarbeid med dei andre avdelingsleiarane. Avdelingsleiarar på yrkesfag jobbar og tett med næringslivet i Nordhordland, noko som er med å sikre høg grad av fullføring og læreplass til våre elevar.
Alle avdelingsleiarar har eit felles ansvar for skulen sitt arbeid med trygt og godt skulemiljø.
Kvalifikasjoner
- Krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse
- Ønskjeleg med relevant leiarutdanning og leiarerfaring
- Ønskjeleg med utdanning i fag som avdelinga tilbyr
- God kunnskap om vidaregåande opplæring
- Kjennskap til administrative program som Visma in school, Visma enterprise, Elements, itslearning er ein fordel.
Personlege eigenskapar
- Du likar å jobbe med ungdom!
- Du er ein synleg leiar som involverer, skaper engasjement og tillit
- Du er strukturert og sjølvstendig og har stor gjennomføringskraft
- Du er utviklingsorientert
- Du lyttar til medarbeidarane dine og er god på skriftleg og munnleg kommunikasjon
- Du er ein samlande leiar som skaper oppslutning
- Du er god på å samarbeide
- Du er god til å byggje relasjoner
Å vere personleg eigna er viktig i den utlyste stillinga, og vil bli vektlagd
Vi tilbyr
- Ein spennande pedagogisk leiarstilling på ein stor og utviklingsorientert skule
- Eit godt arbeids- og fagmiljø med god samarbeidskultur og engasjerte kollegaer
- Ein skule med ambisjonar på vegner av elevane
- Gode offentlege løns- pensjons- og forsikringsvilkår
- Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Juvikstølen, 5914 Isdalstø
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392263302
- Sist endret