![Rubbestadnes Idrettslag logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2025/2/vertical-0/07/4/392/600/474_d19fb412-c5ff-4509-8401-2d3e70be3058.jpg)
Daglig Leder
Rubbestadnes Idrettslag
- Frist 28.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Me søkjer dagleg leiar i Rubbestadnes Idrettslag!
Rubbestadnes Idrettslag søkjer etter ny dagleg leiar. Me søkjer den rette personen som kan utvikle idrettslaget vidare og aktivt bidra for å nå laget sine mål.
Dagleg leiar er hovudstyret sin forlenga arm ut mot medlem, gruppestyra, trenarar, lagleiarar, rekneskapsførar, kommunen, media og sponsorar. Me ser etter entusiasme og gode evner til oppfølging, relasjonsbygging og kommunikasjon. Me tilbyr ein spennande og variert jobb.
Me er på jakt etter ein engasjert, positiv og sjølvstendig person som kjenner idrettslaget eller har tilsvarande erfaring, som kan drive idrettslaget saman med styret og idrettslaget sine medlem.
Arbeidsoppgåver:
• Ivareta dagleg administrasjon og vere klubben sin kontaktperson inn og ut.
• Ansvar for økonomisk drift og utvikling: samarbeid med styret for dei ulike idrettsgruppene.
• Følgje opp dokumentasjon/rutinar.
• Oppfølging av medlem, nettsider og sosiale media.
• Ansvar for sal, utleige og oppfølging av sponsor- og samarbeidsavtalar.
• Vere aktiv bidragsytar til førebuing av arrangement i idrettslaget sin regi.
• Idrettslaget sin kontaktperson for medlem, eksterne og media.
• Representere klubben i møter med kommune, krets og andre samarbeidspartnarar.
• Andre oppgåver gitt av hovudstyret og undergruppene.
Ynskja kvalifikasjonar:
• Forståing/kompetanse innan sal, marknad og økonomi.
• Erfaring med administrative oppgåver.
• Gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg.
• God kjennskap til idretten si organisering og frivilligheit.
Personlege eigenskapar:
• Engasjert og entusiastisk.
• Trivs med varierte utfordringar.
• Er fleksibel i forhold til arbeidstid og -oppgåver.
• Er god til å samarbeide og kommunisere i alle retningar i ein frivillig organisasjon.
• Kjenneteiknast ved å vere initiativrik og løysingsorientert.
• Er serviceinnstilt, positiv og tillitsvekkande.
• Er kunde- og medlemsorientert.
• Har ei involverande og inkluderande stil.
• Erfaring med sal.
• God relasjonsbyggjar.
Personlege eigenskapar og kjennskap til klubben vil bli særleg vektlagt.
Me tilbyr:
• Ein spennande jobb og moglegheita til å vere med å utvikle Rubbestadnes Idrettslag inn i framtida.
• Friheit til å påverke eigen arbeidskvardag.
• Løn etter avtale.
• Ein flott klubb med mange medlem og fantastiske frivillige.
Du vil få ei nøkkelrolle i arbeidet med å utvikle Rubbestadnes Idrettslag inn i framtida. Din innsats vil bety mykje for mange i vårt lokalsamfunn.
Om arbeidsgiveren
Rubbestadnes Idrettslag er et fleiridrettslag med ca. 500 medlemmer med undergruppene fotball, badminton og turn. Vår visjon er: Alle på Lag.
Rubbestadnes Idrettslag tilbyr eit breitt fritidstilbod til lokalmiljøet og ynskjer å bidra til eit godt oppvekst- og bumiljø i kommunen
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Organisasjoner
- Lederkategori: Leder
- Sted: Rolfsnesvegen 32, 5420 Rubbestadneset
- Bransje: Event og arrangementer, Ideelle organisasjoner, Idrett og trening
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester, Kontor og administrasjon, Koordinering
- Arbeidsspråk: Norsk
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392600474
- Sist endret