Rektor/dagleg leiar
Hallingdal Folkehøgskule
- Frist 16.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Hallingdal Folkehøgskule søkjer
Rektor/dagleg leiar Hallingdal folkehøgskule frå 1. august 2025
Hallingdal Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule etablert i 1959. Skulen er organisert som ein sjølveigande foreining. Skulen ligg i Gol kommune, midt melom Oslo og Bergen, med gode kommunikasjonar både på bane og veg.
Hallingdal Folkehøgskule har kapasitet til 90 elevar. Skulen sine grunnverdiar er, fridom, medansvar, toleranse, omsorg og fellesskap. Skulen har eit allsidig linetilbod; ski og brett, friluftsliv, dyrepass, reiseliv, balanse/yoga, arkitektur/natur, leiarutvikling og saueklipp.
Gol er knutepunkt i regionen med god barnehagedekning, ny 1-10 skule, fleire idrettshallar og vidaregåande skule med variert studietilbod. I kommunen er også USN Campus Hallingdal lokalisert. Gol, med om lag 5000 innbyggjarar, er region -og handelssenter i Hallingdal. Det er rikt høve til friluftsliv i skog og fjell til alle årstider.
Vi søkjer rektor/dagleg leiar Hallingdal folkehøgskule
Hallingdal Folkehøgskule har ledig stilling som rektor/dagleg leiar. Rektor/dagleg leiar er pedagogisk, økonomisk og administrativt ansvarleg for skulen si drift og rapporterer til styret for skulen. Rektor/dagleg leiar samarbeider tett med assisterande rektor.
Vi ønskjer oss ein rektor med raust og inkluderande menneskesyn med glimt i auge og som er god til å jobbe i team. Som rektor på skulen må du like å vera saman med unge vaksne som står på terskelen til vaksenlivet, og takle dei utfordringane elevane møter på ein god og medmenneskeleg måte. Som leiar ser vi at du er tydeleg og involverande på ein motiverande måte. Rektor må kunne identifisere seg med skuleslaget sitt idegrunnlag som ein pensum og eksamensfri skule. Stillinga er kompleks og variert og krev god forretningsforståing.
Vi ønskjer oss ein rektor som blir motivert av å utvikle nye tilbod som er attraktive for målgruppa. Skulen har stor bygningsmasse som skal vedlikehaldas og utviklast. Rektor har undervisningsplikt og deltek i sosialpedagogisk arbeid.
Kvalifikasjonar:
• Høgare utdanning
• Leiarkompetanse
• God økonomi- og budsjettforståing
• God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Ynskjeleg:
• Kjennskap til folkehøgskule
Vi ønsker at du er:
• Ein varm relasjonsbyggar som trivst i dialog med elevar og tilsette
• Ein person med ei sterk evne til heilskapleg, innovativ, analytisk og strategisk tenking
• Involverande og engasjert, med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
• Ein leiar med god gjennomføringsevne
• Tydeleg, målretta, utviklings- og løysingsorientert
• Resultatorientert
• Ein leiar med ein trygg og tillitsskapande leiarstil
• Robust og har evne til å stå i krevjande situasjonar over tid
• Stor arbeidskapasitet
Vi kan tilby:
• Ein arbeidsplass med godt arbeidsmiljø og stort engasjement hos elevar og tilsette
• Ei spanande og givande stilling med stor fridom og varierte arbeidsoppgåver
• Fleksibel arbeidstid
• Høve til husvere på skulen
• Løn etter avtale og medlemskap Statens Pensjonskasse
Personleg egnethet vil bli gitt stor vekt.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Originale attestar og vitnemål må leggjast fram ved intervju. Skulen kan hjelpe til med å skaffe bustad.
Tiltredelse etter avtale.
Spørsmål om stillinga kan rettast styreleiar Hallvor Lilleslett 45968135.
Søknad sendast post@hallingdalfhs.no
Søknadsfrist 16. mars 2025.
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: 3550 Gol
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Idrett og trening, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Rektor / Ass. Rektor
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
rektor, daglig leder, folkehøgskole
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394668296
- Sist endret