Apotekar
Sjukehusapoteka Vest
- Frist 16.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Apotekar
Sjukehusapoteka Vest HF (SAV) er eitt av fem sjølvstendige helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Dei fem sjukehusapoteka våre er tilknytta dei største sjukehusa i regionen og skal sørgje for at sjukehus og pasientar i Vestland og Rogaland vert sikra legemiddel og tenester med høg farmasifagleg kompetanse.
Arbeidet vårt er fordelt på fire verksemdsområde: publikumsapotek, produksjon, sjukehusekspedisjon og farmasøytiske tenester. Ved Sjukehusapoteket i Haugesund (SiH) er det ein avdelingsleiar for kvart av desse forretningsområda, saman med apotekar utgjer desse leiargruppa til apoteket. Det er om lag 40 tilsette ved apoteket i dag. Apoteket er inne i ein spennande periode med å etablere eit anlegg for å pakke om tablettar og kapslar til eindose som skal ut til sjukehusa i heile Helse Vest. Og dette blir eit femte verksemdsområde ved SiH.
Vi søkjer no etter deg som ønskjer ei spennande stilling som apoteker. I denne rolla får du ei unik moglegheit til å leie og vidareutvikle eit stort, variert og spennande apotek i tett samarbeid med medarbeidarar og andre leiarar - og du får ei nøkkelrolle i arbeidet med å sikre trygge og gode apotektenester til sjukehus og pasientar i Helse Fonna. Du blir også ein viktig bidragsytar i SAV si toppleiargruppe, og leiaren din blir administrerande direktør.
Arbeidsoppgåver
- øvste leiar for apoteket med personal-, økonomi- og fagleg ansvar for apoteket si drift og utvikling
innanfor rammene til SAV - følgje opp og utvikle vidare samarbeid med Helse Fonna
- ansvar for å utvikle og sikre tenestetilbod på alle verksemdsområda
- overordna ansvar for vidare oppfølging av anlegg for ompakking av tablettar og kapslar til eindose
Kvalifikasjonar
- vi treng deg som har erfaring frå, trivst i og har forståing for leiarrolla i apotek
- du har master i farmasi og fyller krava til å få driftskonsesjon for apotek
Personlege eigenskapar
- du likar leiing og er genuint opptatt av å utvikle eiga leiargruppe og eigne leiarar innanfor gjeldande
fullmakter - du er opptatt av fagleg utvikling og interessert i og nysgjerrig på fleire delar av farmasifaget
- du fremjar samarbeid og bidreg til trivsel og eit godt arbeidsmiljø
- du klarer å vere pragmatisk og handtere komplekse og pressa situasjonar.
Vi tilbyr
- ei leiande rolle i eit dynamisk, stort og inspirerande fagmiljø, med eit viktig samfunnsoppdrag i botn
- gode moglegheiter for å utvikle deg fagleg og som leiar
- støttande og samarbeidsvillige leiarkollegaer
- løn etter avtale
Ver venleg å laste opp attestar, vitnemål og eventuell anna relevant dokumentasjon i søknaden.
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodaralle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturellbakgrunn eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer åleggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv fem sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Karmsundgata i, 5514 Haugesund
- Bransje: Farmasi og legemiddel, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Farmasøyt
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Apoteker, Farmasøyt, Apotek, Sykehus, Leder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395675953
- Sist endret