
Assisterande fakultetsdirektør
Universitetet i Bergen
- Frist 24.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Assisterande fakultetsdirektør ved Det medisinske fakultet
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w
Assisterande fakultetsdirektør
Ved Det medisinske fakultet, fakultetsadministrasjonen, er det ledig ei stilling som assisterande fakultetsdirektør(100%). Assisterande fakultetsdirektør har ein nøkkelrolle i fakultetet si administrative leiing, og er ein sentral rådgjevar og støttespelar for fakultetsdirektør og for dekanat. Fakultetsadministrasjonen utgjer ein kompetanseeining med ca. 70 medarbeidarar med forvaltningsoppgåver innan studie, HR, forsking, kommunikasjon, økonomi og stab. Vårt føremål er å levere gode administrative tenester på ein profesjonell og effektiv måte som støttar opp om fakultetet si kjerneverksemd innan forsking og utdanning.
Vi søkjer ein leiar som er nysgjerrig og målretta, og som har tankar om leiing av fakultetetsadministrasjon i ei tid prega av endring og utvikling, der effektivisering, kvalitet og god bruk og utvikling av digitale verktøy vil vera ei sentral oppgåve. Implementering av Vestlandslegen og nye studieplassar er eit sentralt arbeidsområde for fakultetet. Assisterande fakultetsdirektør vil ha eit administrativt ansvar for implementering av dei nye studieplassane på fleire campusar.
Arbeidsoppgåver:
- Fast stedfortredar for fakultetsdirektør
- Saman med fakultetsdirektør ha dagleg leiing av og leveransar til dekanat innan ein breidde av saksområde og problemstillingar, i tillegg utvikling av administrasjon ved fakultet og institutta
- Koordinere og leie prosjekt og prosessar knytt til forbetring av arbeidsprosessar, organisasjonsutvikling, arealbruk og ikkje minst implementering av digitale verktøy og løysingar
- Delegert mynde for planlegging og oppfylging av HMS-arbeidet ved fakultetet
- Saksutgreiing til fakultetsleiinga og fakultetsstyret
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha mastergrad. Lang praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
- Brei leiarerfaring som er relevant for stillinga sitt ansvar og arbeidsoppgåver
- Monaleg gode digitale kompetanse og ferdigheiter
- Solid kunnskap om rammene for statlege verksemder
- Monaleg god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk (bokmål og nynorsk) og engelsk
Vi søkjer ein person som:
- Har evne til å involvere og motivere, og å vere initiativrik og engasjert
- Kan syne til gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
- Er utviklingsorientert og strategisk
- Har stor arbeidskapasitet og kan arbeide systematisk og målretta
- Har kjennskap til relevante lov- og avtaleverk
Har dei personlege eigenskapane til å motivere og utvikle andre og bygge gode relasjonar.
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga
Vi tilbyr:
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Løn som underdirektør (kode 1059) er for tida kr 995 000 - 1 035 000. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse (https://www.spk.no/)
- Gode velferdsordninga (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Fakultetsdirektør Synnøve Myhre på telefon 93484614
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Haukelandsveien 28, 5009 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396301605
- Sist endret