Rektor Knarvik ungdomsskule
Alver kommune
- Frist 24.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du initiativrik og har høge ambisjonar på elevane og skulen sine vegne?
Knarvik ungdomsskule ser etter ein utviklingsorientert leiar som er oppteken av å skape eit trygt, inkluderande og framtidsretta skulemiljø, samt ein skulekultur der alle jobbar mot same mål. Som rektor er du dedikert, tydeleg og visjonær med erfaring frå utviklingsarbeid og skuleleiing. Du har evne til å leie utviklinga av heile profesjonsfellesskapet, leiarteamet og den enkelte medarbeidar.
Ønsker du ein slik arbeidskvardag? Då er dette jobben for deg!
I Alver kommune har rektor eit heilskapleg ansvar for innhald og drift ved skulen. Du samarbeidar jamleg med andre skuleleiarar i kommunen og rapporterer direkte till tenesteleiar for skule.
Felles visjon for skulane er;
Ein plass for alle - læring og meistring i fellesskap.
Alver kommune har høge ambisjonar for oppvekstsektoren, og alle tilsette jobbar mot vår overordna målsetjing: "Trygge barn som deltar, meistrar og lærer."
Om Knarvik ungdomsskule
Knarvik ungdomsskule ligg sentralt plassert i Knarvik sentrum.
Skulen har om lag 400 elevar og 60 tilsette og er den største ungdomsskulen i Alver kommune. Skulen er ein MOT skule og har som overordna mål å skape ein trygg og god skulekvardag for alle elevane våre.
Arbeidsoppgåver
utvikle skulen som ein lærande organisasjon med profesjonelle læringsfellesskap
vere nytenkande i korleis nytte skulen sine samla ressursar
sikre god tilpassa opplæring for elevane
vidareutvikla eit trygt, varmt og inkluderande læringsmiljø
drive personalleiing og arbeidsmiljøutvikling
forvaltning og kvalitetsutvikling
økonomistyring og resultatkontroll
samspel med elevar, foreldre og nærmiljø
tverrfagleg samarbeid om barn og unge si oppvekst
Kompetanse
Opplæringslova sine krav om fagleg, pedagogisk og administrativ kompetanse må vere oppfylt
Utdanning i skuleleiing er ønskjeleg
God system- og rolleforståing
Kommunisere godt, både skriftleg og munnleg
Fagleg oppdatert om skuleutvikling og læreplanar
Erfaring som leiar frå skule, fortrinnsvis som rektor
Ønskjeleg med undervisningserfaring frå grunnskulen
God økonomiforståing og evne til å prioritere innanfor budsjettrammene
Ønskjeleg med god kjennskap til lov- og avtaleverk og personalleiing
Administrasjonsspråket i Alver er nynorsk
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt. Vi ser etter deg som:
er ein lærande og engasjerande leiar med stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
er tydeleg og synleg i møte med elevar, tilsette og foreldre
har gode samarbeidsevner og er løysningsorientert
jobbar godt strategisk, systematisk og langsiktig mellom anna innan LK20 og inkluderande skulemiljø
kan motivere og inspirere elever og tilsette, og er ein god relasjonsbyggjar
Vi tilbyr
• eit fagleg dyktig kollegium
• eit godt profesjonsfelleskap blant skuleleiarar
• ein støttande og utviklingsorientert oppvekstsektor
• mentorordning
• leiaropplæring
• løn etter avtale basert på utdanning og erfaring
• gode pensjons- og forsikringsordningar
Politiattest
I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede.
Om arbeidsgiveren
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Juvikstølen 17, 5916 Isdalstø
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Undervisning og pedagogikk
Nøkkelord
rektor, skoleutvikling, skoleledelse, strategisk tenkning, personalledning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397174296
- Sist endret