Økonomidirektør
Vik Ørsta
- Frist 06.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du god med både tal og menneske?
Er du god med både tal og menneske?
Vik Ørsta, og dei norske bedriftene i Saferoad-konsernet, er i gang med ei nysatsing innan Shared Services Finance, og vi søkjer ein engasjert økonomidirektør som vil vere med å forme denne satsinga.
Vi ser etter deg som har eit strategisk blikk, trivst med varierte oppgåver og som ønskjer å bidra til utviklinga av ei avdeling i vekst.
Har du god kontroll på tala, men set like stor pris på menneske og samarbeid? Då kan dette vere jobben for deg!
Om stillinga
Rolla som økonomidirektør gir deg ansvaret for å leie og utvikle tenester innan løn, reiserekning, rekneskap og rapportering for fleire bedrifter i konsernet. Du vil også ha ansvar for IT og ERP-system, og det er viktig at du er komfortabel med å jobbe i eit miljø der utvikling og digitale løysingar står sentralt.
Du vil leie eit team av dyktige medarbeidarar med høg kompetanse innanfor sine fagområde, og vi ønskjer ein leiar som kan støtte og inspirere dei vidare.
Du vil få ei sentral rolle i vidareutvikling av både system og arbeidsprosessar, og vi ser etter ein person som er open for nye måtar å jobbe på. For oss er det viktig med ein god balanse mellom struktur og fleksibilitet, og vi ønskjer oss ein økonomidirektør som kan skape ein samanhengande og effektiv arbeidskvardag for heile avdelinga.
Kven vi ser etter
Vi ønskjer oss ein økonomidirektør som trivst i ei leiarrolle og som forstår at det er menneska som skapar resultata. Du må ha evne til å sjå dei store linjene, men også vere opptatt av detaljar når det er nødvendig.
Det er ein fordel om du har erfaring frå økonomiarbeid og/eller leiing, men det viktigaste er at du har eit sterkt engasjement for faget og driv til å utvikle deg i saman med oss og medarbeidarane. Vi legg stor vekt på samarbeidsevner, evna til å kommunisere tydeleg og ein vilje til å ta i bruk nye verktøy for å løyse oppgåver på ein smart måte.
Om søknaden
Dersom dette høyrest spennande ut, håpar vi at du søkjer! Søknad, CV og relevante vedlegg sendast via lenke på denne sida.
Har du spørsmål om utfylling av CV? Kontakt gjerne Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20.
Har du spørsmål om stillinga?
Kontakt gjerne CFO Saferoad Infrastructure Andreas Røren,
tlf. 907 78 112
Flytte til Ørsta?
Vil du ha kort veg til jobb, barnehage og SFO? Då er Ørsta staden for deg og familien din. Her finn du vakker natur og gode jobbmoglegheiter. Ørsta ligg sentralt til på Sunnmøre, med tilgang til både kyst- og fjellområde for gode naturopplevingar. Her kan du nyte skiturar om vinteren og båtliv om sommaren.
I tillegg er regionen kjend for sitt sterke næringsliv, med moglegheit for personleg og profesjonell utvikling. Med lokal flyplass er vegen kort til resten av verda.
Ørsta og Sunnmøre er ein flott stad å bu og arbeide, så kvifor ikkje flytte hit og starte eit nytt eventyr med familien din?
Stolte av produkta våre spør du?
- Eg er litt stolt av at vi lagar dette her. Og det trur eg borna mine også er.
Gode Kjell! Og Katrin. Og Egil Johan. Og Leifen. Og alle andre fine folk i Vik Ørsta!
75 år med norsk industrihistorie frå to små bygder på Vestlandet. Klart det er lov å vere stolt. Vi går for 75 år til. Minst!
Video: Nanseth Media
Video: https://youtu.be/TbWMxh1wli4?si=sjCZSNQhfxZTVaea
Om arbeidsgiveren
Vik Ørsta er leiande industri- og kunnskapsbedrift med produkt innan marknadsområda Lysmast, Rekkverk, Bergsikring, Marina og Design. Bedrifta er lokalisert i Vik i Sogn og i Ørsta på Sunnmøre med ca. 270 tilsette.
Les meir om Vik Ørsta på www.vikorsta.no
Vik Ørsta er det største enkeltselskapet i Saferoad-konsernet. Saferoad er med på å legge premissane og utvikle framtida sine infrastrukturløysingar for å auke sikkerheita til trafikantane. Konsernet har 2500 medarbeidarar i 13 land.
Les meir om Saferoad på www.saferoad.com
- Sektor: Privat
- Lederkategori: Leder
- Sted: Strandgata 59, 6150 Ørsta
- Bransje: Industri og produksjon
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397811641
- Sist endret