Biblioteksjef i Hå kommune
Hå kommune
- Frist 8.4.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye biblioteksjef?
Det er ledig stilling som biblioteksjef i Hå kommune frå 18. august 2025. Vi søker deg med stor interesse for bibliotekfaget og litteratur generelt. Du vil vere med å vidareføre biblioteket som ein attraktiv møteplass og arena for lesing, læring og opplevingar.
Hå bibliotek har hovudbibliotek på Nærbø og fire filialar i distriktet (tre operative pr. 2025). Filialane er organiserte som kombinasjonsbibliotek på Varhaug og Ogna, og som fengselsbibliotek på Åna fengsel. Strukturen med kombinasjonsbibliotek gir oss høge utlåns- og besøkstal.
Det er eit nært samarbeid mellom Hå bibliotek og skulebiblioteka med ein eigen skulebibliotek-koordinator. Det er eit mål at biblioteket skal vere eit utadretta og aktuelt bibliotek, der det blir satsa på formidling mellom anna gjennom arrangement for barn, unge og vaksne.
Hå bibliotek er organisert som ei avdeling i området for oppvekst og kultur.
Arbeidsoppgåver
• Lede tilsette, sikre eit godt arbeidsmiljø og forvalte biblioteket sin økonomi og ressursar på ein effektiv måte
• Ansvar for å vidareutvikle kommunen si bibliotekteneste
• Bibliotekfagleg ansvar for skule- og barnehagebiblioteka i kommunen
Det inngår ei seinvakt i veka og ei laurdagsvakt i månaden i biblioteksjefen si stilling.
Kvalifikasjonar
• Godkjent bibliotekarutdanning
• Erfaring frå bibliotek, samt kunnskap om moderne bibliotektenester og informasjonsformidling
• Ønskeleg med leiarerfaring, inkludert økonomi- og personalansvar
• Kjennskap til offentleg forvaltning
• Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter
• God IKT-kompetanse
• Gode samarbeidsevner
• Målretta, strukturert og løysingsorientert
• Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
• Arbeidsplass sentralt på Nærbø
• Ein organisasjon og fagfelt i kontinuerleg utvikling med stort fokus på samarbeid
• Eit godt arbeidsmiljø
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Om arbeidsgiveren
Hå kommunes administrasjonssenter ligger på Varhaug, ca. 40 minutter med tog fra Stavanger. Kommunen har over 20 000 innbyggere, velfungerende skoledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbud og levekår. I tillegg til et rikt og variert kultur- og idrettstilbud finner man flotte tur- og friluftsområder. Hå kommunes visjon er "Me løfter i lag". Våre verdier er Åpen, Driftig og Stolt. Vi ønsker oss medarbeidere som kan identifisere seg med vår visjon og våre verdier!
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Rådhusgata 8, 4360 Varhaug
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Nøkkelord
biblioteksjef, bibliotekfag, ledelse, personalansvar, offentlig forvaltning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398432582
- Sist endret