Seksjonsleiar - internasjonale organisasjonar
Norec
- Frist 2.4.2025
- Ansettelsesform Fast
Utviklingsorientert leiar med kompetanse på internasjonale organisasjonar?
Seksjon for internasjonale organisasjonar
Sidan 2021 har Norec hatt ansvar for å forvalte ulike rekrutteringsordningar for FN-organisasjonar og utviklingsbankane på vegner av Utanriksdepartementet. Oppdraget slik det er i dag inkluderer også eit nettverk for norske tilsette i FN-organisasjonar og dedikerte ressursar knytt til rettleiing for internasjonale karriereløp for norske borgarar.
Rekruttering av norske tilsette er ein viktig del av arbeidet med å fremme norsk utanriks og utviklingspolitikk gjennom det multilaterale systemet. Sidan Norec overtok ansvaret for å forvalte rekrutteringsoppdraget har det vore i stadig utvikling. Juniorekspertordninga er den største ordninga vi forvaltar. I tillegg kjem seniorsekonderingar, UNV- og praktikantstipend.
Seksjon for internasjonale organisasjonar skal sikre ei heilskapleg, systematisk og strategisk utnytting av dei ulike bidraga Noreg gir til det multilaterale systemet. For at vi skal lukkast med å vidareutvikle og sette i verk oppdraga, blir dette arbeidet no samla i ein egen seksjon.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
I den nye seksjonen får du som leiar ei viktig rolle i arbeidet med å bygge opp og vidareutvikle eininga. Samtidig får du ei operativ rolle der du følgjer opp medarbeidarane i seksjonen, motiverer dei og bidreg til deira faglege utvikling. Du har økonomisk ansvar for drifta i eigen seksjon, både for budsjettering og kontrollarbeid. Vidare skal du sikre gode arbeidsprosessar og fremme samarbeid mellom faggrupper, funksjonar og einingar i Norec.
Som seksjonsleiar får du ei synleg rolle og deltar i faglege nasjonale og internasjonale fora. Du vil ha tett samarbeid med ulike multilaterale organisasjonar, andre bistandsaktørar og det norske utanriksapparatet.
Kvalifikasjonar
Høgare relevant utdanning innan til dømes internasjonale relasjonar, statsvitskap, samfunnsvitskap, HR eller leiing
Erfaring med å leie medarbeidarar, gjerne innan offentleg forvalting
Internasjonal erfaring, gjerne frå multilaterale organisasjonar
Kompetanse innan utanrikspolitikk og/eller utviklingssamarbeid
Flytande norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg
Røynsle med budsjett og økonomistyring vil vere ein fordel
Gode ferdigheiter innan formidling og nettverksbygging
Om deg
For å lukkast i jobben må du vere interessert i mennesker, samarbeidsorientert og omgjengeleg. Vi ser etter deg som er god på å leie, å motivere og å rettleie medarbeidarane dine. Du evner å organisere og planlegge slik at seksjonen når dei strategiske måla som blir sett. Du tek avgjerder og gjennomfører det som er bestemt. Det er viktig at du klarar å jobbe i omstilling og tenke nytt.
Norec er ein verdibasert arbeidsplass, og vi vil vektlegge personleg integritet og evne til å vise respekt for andre.
Vi tilbyr
eit godt arbeidsmiljø med positive og ambisiøse kollegaer
ein arbeidsgivar som legg vekt på utvikling og kompetanseheving
gode velferdsordningar og fleksibel arbeidstid
moglegheit for trening i arbeidstida
høve til å søke om bustadlån i Statens pensjonskasse
Stillinga blir lønna etter avtale innanfor statens lønnsregulativ som seksjonsleiar/kode 1211 frå kroner 830.000 til kroner 870.000. Lønnsplassering vil avhenge av utdanning og erfaring.
Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse. Frå lønna blir det trekt 2 % til Statens pensjonskasse.
Les dette før du søker:
Mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ønsker Norec medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
Har du nedsett funksjonsevne, hol i CVen eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkar til å krysse av for dette i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju. Avkryssingane i jobbsøkarportalen blir berre brukt til å velje ut rette kandidatar ut frå desse kriteria, i tillegg til anonymisert statistikk.
Du kan be om å bli unntatt den offentlege søkarlista. Dette må du i tilfelle grunngi. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje vert teke til følge.
Jobb i Norec
Du finn informasjon om ledige stillingar og om korleis søkarprosessen i Norec er på våre heimesider.
På heimesidene finn du også informasjon om Førde og Sunnfjord som kan vere nyttig om du er ny i området.
Om arbeidsgiveren
Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er eit kompetansesenter for internasjonalt samarbeid. Som ein etat under Utanriksdepartementet er vi ein del av Noregs samla innsats for å nå FNs berekraftsmål.
Norec har tre samfunnsoppdrag som styrker internasjonalt samarbeid og utvikling:
Tilskotsforvaltning til internasjonalt samarbeid
Vi forvaltar tilskot til demokratistøtte for norske politiske parti og ungdomsparti i samarbeid med partnarar i låg- og mellominntektsland, samt tilskot til gjensidig utveksling av personell mellom organisasjonar i Noreg, Afrika, Asia og Latin-Amerika for kompetansebygging og langsiktig samarbeid.Uavhengige evalueringar av norsk bistand
Vi gjennomfører evalueringar av norsk utviklingssamarbeid. Denne oppgåva vert ivaretatt av den uavhengige evalueringsavdelinga.Koordinering av rekruttering til internasjonale organisasjonar
Vi legg til rette for at norske statsborgarar kan arbeide i FN, utviklingsbankar og andre internasjonale organisasjonar.
Gjennom desse oppdraga bidrar Norec til kompetanseutvikling, kapasitetsbygging og styrking av internasjonalt samarbeid.
Les meir om Norec på www.norec.no
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Fjellvegen 9, 6800 Førde
- Bransje: HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering, Ledelse, Samfunnsviter
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
internasjonal erfaring, multilaterale organisasjoner, utviklingsarbeid
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398784432
- Sist endret