Rektor
Sola kommune
- Frist 06.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Rektor ved Dysjaland skule
Sola kommune har ledig ei 100 % fast stilling som rektor ved Dysjaland skule med oppstart 01.08.2025.
Rektor er verksemdsleiar og har delegert personal-, økonomi- og resultatansvar. Skuleleiinga består av rektor og tre undervisningsinspektørar. Skulesjef er rektor sin næraste leiar. Dysjaland skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule som ligg sør i Sola kommune med totalt 60 tilsette. Frå hausten 2025/26 vil det vere 420 elevar fordelt på 10 trinn. Skulen har nynorsk som si målform, men har også bokmålsklassar på alle trinn. Skulen har eigen SFO.
Visjonen vår er Klok og glad. Det er ei rettesnor for korleis vi vil at alle skal ha det på skulen vår. Det er fordi vi tenkjer at vi skal bli glade av å vere på skulen, og fordi glade born og vaksne skapar gode miljø for læring og meistring. Visjonen er godt forankra hjå både tilsette, elevar og føresette. Vi har høg grad av trivsel på skulen vår, og søkjer deg som ynskjer å leie laget vårt vidare.
Skulen er ein MOT-skule. Barnetrinnet har eit eige MOT-program som heiter SUPER. MOT er eitt av verktøya vi bruker for å hjelpe elevane våre til å bli robuste og inkluderande born.
Skulen har leikbasert læring som satsingsområde for dei minste trinna. Vi har brei erfaring med at læring og trivsel har auka saman med satsinga. Eit anna fokus er at undervisinga skal vere praktisk og variert for alle elevane, i tillegg til at vi satsar på kultur for lesing på alle trinn. Skulen har eit flott bibliotek, engasjerte bibliotekarar og etterkvart ein lesekultur kor lesing står i fokus på alle trinn og i alle fag.
Tilsette på Dysjaland skule skal vere profesjonsutøvarar, gode lagspelarar og samarbeidspartnarar, og medansvarlege for eit godt arbeidsmiljø og fagmiljø. Rektor skal vere ein pådrivar og ei inspirasjonskjelde i dette arbeidet.
Arbeidsoppgåver
- Leie og motivere medarbeidarar til samarbeid og målretta innsats for elevane sitt læringsutbyte.
- Sikre god elevmedverknad og eit inkluderande læringsmiljø.
- Synleggjere skulen si verksemd på ein positiv måte
- Drive skuleutvikling, samt leie og vidareutvikle skulen sitt satsingsområde og faglege profil.
- Tverrfagleg samarbeid om barna sitt oppvekstmiljø.
- Samhandle med tillitsvalde og verneombod.
- Forvaltning og kvalitetsutvikling.
- Resultat- og økonomistyring.
- Samhandling med elevar og føresette.
Kvalifikasjonar
- Du må oppfylle opplæringslova sine krav om forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ kompetanse.
- Sola kommune har vedteke at alle rektorar i kommunen skal ha formell kompetanse i skuleleiing som er tilsvarande 30 studiepoeng eller meir. Vi forventar at den som blir tilsett, oppfyller dette kravet, eller etter nærare avtale skaffar seg slik kompetanse. Det er ønskjeleg med leiarerfaring frå skuleverket.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir).
Sjå også godkjenning av utdanning frå utlandet: https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Personlege eigenskapar
Som skulen sin nye rektor bør du ha evne og vilje til å:
- Vidareutvikle og fornye kompetansen skulen har
- Vere ein inspirasjonskjelde, pådrivar og støtte i kollegiet sitt utviklingsarbeid
- Sikre godt samarbeid med føresette og eksterne samarbeidspartnarar
- Vere ein tydeleg pedagogisk leiar som kan setje klare mål både på kort og lang sikt
- Vere løysingsorientert og ein samlande leiar for heile skulen sitt personale
- Initiere gode prosessar for stadig å heve kvaliteten i skulen
- Synleggjere skulen si verksemd på ein positiv måte
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- leiarutvikling i etablerte nettverk med dyktige skuleleiarar
- leiarstøtte og samarbeid med stab oppvekst og organisasjonsavdelinga
- Velferdsordningar
- Medlemskap per tiden i SPK
- Løn i samsvar med lokal lønspolitikk
Tilsetjing skjer på dei vilkåra og plikter som går fram av utlysninga og der lovane, reglementa og tariffavtalane som til kvar tid gjeld.
Om arbeidsgiveren
Sola kommune er en mellomstor kommune med 29 000 innbyggere og rundt 2 000 ansatte. Vi er en innovativ kommune, kjent for flotte strender og en rik kulturhistorie. Samlingen av Norge til ett rike skjedde trolig rett ved Ytraberget. Vil du bli med på å gjøre Sola til en enda bedre kommune å bo i?
Vi jobber for heltidskultur og ansetter fortrinnsvis i hele stillinger.
Opplysninger om søkere blir gjort offentlig tilgjengelig etter offentligloven § 25. Du må gi en begrunnelse hvis du ønsker å reservere deg fra å stå på offentlig søkerliste. Du får melding hvis reservasjonen ikke tas til følge.
For stillinger som arbeider med barn og for ansatte som yter tjenester etter helse- og omsorgstjenesteloven må det foreligge tilfredsstillende politiattest.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Tjeltavegen 1, 4054 Tjelta
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Rektor / Ass. Rektor, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
rektor, grunnskole, leder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398861325
- Sist endret