Chief operating officer/Operasjonssjef
Myklebust verft
- Frist 5.4.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye operasjonssjef?
Vi ønsker å styrke teamet vårt, og søker derfor ein COO som brenn for å optimalisere drift, arbeide med operasjonelle tiltak og bygge samarbeid på tvers av dei operasjonelle ledda våre.
Hovudoppgåver og ansvar:
Arbeide tett saman med CEO om strategiske og operasjonelle målsettingar for organisasjonen
Arbeide tett saman med produksjon i forbindelse med gjennomføring av prosjekt ved kai
Konkretisere overordna mål til praktiske, gjennomførbare operasjonelle tiltak
Følgje opp målsettingar for produktivitet, lønnsomheit og kvalitet
Leie den operasjonelle delen av virksomheita, frå ordre til levering
Motivere til endring og vidareutvikling i operasjonsprosessane våre
Arbeide aktivt med effektivisering og forbetring, samt god samhandling mellom avdelingane
Ønska kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Vi ser etter ein engasjert motivator som er strukturert og har gode kommunikasjonsevner og forståing. Du har erfaring frå å leie vellykka operasjonar og evnar å utvikle salsprospektet i tett samarbeid med salsteam og leverandørar.
Myklebust Verft tilbyr:
Eit fagleg sterkt miljø med dyktige kollegaer
Fleksibel arbeidstid
Variert og spennande arbeidskvardag
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Konkurransedyktige arbeidsvilkår
Arbeidsstad er Myklebust Verft i Gursken.
100% stilling
For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med:
CEO Leiv Sindre Muren, tlf. 992 55 412 eller HR- og organisasjonssjef Ida Bigset Storaker, tlf. 988 03 925
Om arbeidsgiveren
På Myklebust er vi stolte av å representere over 100 år med skipsbyggarhistorie. Engasjerte medarbeidarar er vår viktigaste ressurs. I kombinert med høg satsing på kompetanse vil dette sikre oss konkurransefortrinn dei neste 100 år.
Myklebust Verft har om lag 135 tilsette fordelt på 15 avdelingar. Dei internt tilsette på verftet representerer åleine over 35 ulike stillingar og titlar. Vidare samarbeider vi tett med underleverandørar og kundar i ein kompleks bransje som ligg langt framme når det gjeld nyskaping og utvikling.
Vi arbeider aktivt for å vere eit berekraftig og fleksibelt verft. Berekraft og utvikling er viktig for alle våre tilsette, og er med på å trygge arbeidsplassane våre også i framtida.
- Sektor: Privat
- Lederkategori: Leder
- Sted: Gurskevegen 68, 6082 Gursken
- Bransje: Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Nøkkelord
operativ ledelse, ledelse, samarbeid, effektivisering, produksjon
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 399583308
- Sist endret