Kommunedirektør
VAKSDAL KOMMUNE
- Frist 21.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Vi søker kommunedirektør – ein leiar med blikk for heile samfunnet
Mellom mektige fjell og vestlandsfjordar ligg Vaksdal kommune – ein kommune i utvikling og med blikket retta framover. No leitar vi etter vår nye kommunedirektør. Ein som ikkje berre vil leie oss, men som også bryr seg om folk, fag og fellesskap – og som ser heile breidda i oppgåva med å utvikle eit samfunn for framtida.
Vaksdal kommune er veldriven og har solid økonomi. Her finn du eit organisasjonsapparat med dyktige medarbeidarar, eit politisk miljø prega av tillit og samarbeid, og eit lokalsamfunn som vil noko. Vi er den største arbeidsgivaren i kommunen, og har dei siste åra satsa stort – både på nye skular, barnehagar, sykehjem og andre viktige samfunnsinvesteringar. Samtidig ser vi fram mot nye moglegheiter gjennom det store samferdselsprosjektet K5, som vil gi oss ein ny posisjon i regionen.
Som kommunedirektør i Vaksdal får du eit heilskapleg ansvar for å leie kommunen vidare i denne spanande utviklinga. Vi ser etter deg som er ein tydeleg leiar, men òg ein fagperson som evnar å forstå og utvikle organisasjonen i tråd med både lovverk, strategiar og politiske vedtak. Du må trivast med å ha både oversikt og innsikt, og du må like å sjå heilskapen – frå dei store linjene til dei små, viktige detaljane som utgjer kvardagen i ein kommune.
Vi ønskjer oss ein kommunedirektør som er strukturert og trygg, og som er god til å kommunisere både internt og eksternt. Du må kunne skrive klare og gode saksframlegg, og evne å presentere dei på ein måte som skaper forståing og tillit – anten det er i formannskapet, i møter med tilsette eller i møte med innbyggjarane våre.
Har du erfaring frå offentleg sektor, er det ein fordel, men ikkje eit krav. Det viktigaste er at du har ein trygg fagleg ballast, er kjent for å vere ein samlande leiar og har eit sterkt engasjement for lokalsamfunnet. Du har høgare utdanning, til dømes innan økonomi, juridisk eller statsvitenskap. Anna høgare utdanning kan også vere relevant. Du er opptatt av å utvikle tenestene våre i takt med innbyggjarane sine behov, og du ser digitalisering som eit viktig verktøy for å skape betre løysingar og meir effektive prosessar.
Vi tilbyr deg ei sentral rolle i ein organisasjon med høgt fagleg nivå og stor vilje til utvikling. I Vaksdal får du jobbe tett på både folk og natur, og vere med å forme framtida til eit lokalsamfunn som står stødig – og som vil vidare.
Er du den engasjerte og strategiske leiaren vi leitar etter? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Om arbeidsgiveren
Våre om lag 430 tilsette bidreg kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i.
Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen, i vakre omgjevnader med fjord og høge fjell rett utanfor døra. Det er enkelt å reise hit både med tog og bil.
Les meir på https://www.vaksdal.kommune.no/
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Konsul Jebsensgata 16, 5722 Dalekvam
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Ledelse
Nøkkelord
Ledelse, Organisasjon og ledelse, Økonomi, Kommunedirektør, Samfunnsansvar
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 399924411
- Sist endret