Einingsleiar
Bufetat
- Frist 19.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Einingsleiar
Vil du leie ei spennande eining med eit viktig samfunnsoppdrag?
Bufetat sin visjon er vekst og utvikling for born, unge og familiar. Vi jobbar etter verdiane respekt, openheit og deltaking - RÅD. Vi søkjer deg som har lyst til å vere med å utvikle våre tenester for born, ungdom og deira familiar, og bidra til strategisk leiinga av regionen.
Bufetat region vest søkjer nå 100 % stilling som einingsleiar til ein av våre einingar.
Denne stillinga er for tida knytt til Bjørgvin ungdomssenter som er ein rusinstitusjon for ungdom mellom 13 og 18 år. Eininga består av to avdelingar som har læringsbasert rusbehandling (LBR) som metode.
Har du eit ønske om å medvirke og gjere ein forskjell for nokre av dei mest sårbare ungdomane våre? Har du lyst til å bidra til at barn og unge får ein god oppvekst, kor vekst og utvikling står i sentrum? Då er kanskje dette ei stilling for deg. Vi ønskjer ein leiar som evnar å sjå moglegheitar i krevande situasjonar og som vil bidra til å gi gode tenester i tråd med det viktige samfunnsoppdraget.
Arbeidsoppgåver
Som einingsleiar vil du ha det overordna ansvaret for ein av våre einingar. Det inneber at du:
- har budsjett- og personalansvar for eininga.
- saman med leiargruppa skal sikre at eininga driftes forsvarleg og i tråd med relevant fagmetodikk.
- bistår avdelingsleiarane og personalet til å stå i ein krevande arbeidskvardag ved å jobbe systematisk med opplæring og oppfølging av senteret.
- ivaretek god internkontroll på alle driftsområder og ta hand om einingas HMS-arbeid.
- medverkar til at eininga har eit godt fungerande samarbeid med både interne og eksterne samarbeidspartnarar.
Kunnskapsbaserte metodar
For å lykkast med oppdraget treng vi gode verktøy. Vi har gode fagmodellar for å ta hand om oppdraget vårt på institusjon for ulike målgrupper. Vi har og nasjonale og regionale rettleiingsstrukturar.
Kvalifikasjonar
Dette må du ha:
- relevant mastergrad innan sosial- og helsefaga eller relevant master innan leiing.
- relevant sosialfagleg bachelorutdanning kan også vera aktuelt i kombinasjon med 30 studiepoeng vidareutdanning.
- minimum 15 stp. innan leiing og administrasjon.
- relevant leiererfaring med personal-, fag- og økonomiansvar.
- gode kommunikasjonsferdigheiter, både munnleg og skriftleg.
- god kompetanse på bruk av digitale verktøy.
- førarkort klasse B.
Dette ønskjer vi at du har:
- røynsle frå arbeid med en kombinasjon av strategiske og operative leiaroppgåvar, relevant vidareutdanning.
- rettleiingskompetanse.
- røynsle frå barnevernsverksemd, gjerne institusjonsbarnevernet.
- røynsle med, og kunnskap om målgruppa.
- røynsle med implementering.
Ved manglande utdanning innan leiing må ein pårekna å ta leiarutdanning etter tilsetjing.
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer deg som:
Du må like ungdomar som utfordrar, og du klarar å motivere deg sjølv og dei tilsette til å stå i krevande situasjonar. For oss er det også svært viktig korleis du som person er eigna til jobben, der vi legg særleg vekt på tydelegheit, systematikk, gjennomføringsevne samt relasjonelle og inkluderande ferdigheiter.
Derfor ser vi etter deg som kjenner deg igjen i følgjande:
- Er ein engasjert og modig leiar som blir motivert av vårt samfunnsoppdrag og våre verdiar.
- Er utviklings- og løysingsorientert.
- Har høg arbeidskapasitet og kan handtera mange og komplekse oppgåver i eit høgt tempo.
- Er strukturert og analytisk og har evne til å tenkje heilskap og tverrfagleg.
- Skapar framdrift og har gjennomføringskraft og veit korleis ein førebur, set i gang og følgjer opp endringsprosjekt -og prosessar.
- Har evne til strategisk planlegging.
- Er dyktig på å motivere og utvikle gode strukturar for samarbeid og prioritering.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1493 leiar, med løn fra kr 750.000 - 910.000.
- Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring. For særskilt godt kvalifiserte søkjarar, kan høgare løn avtalast.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
I tillegg kan vi freista med ein spanande arbeidsstad, med eit godt fagmiljø og gode utviklingsmoglegheiter.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gje barn og unge og familiar eit enda betre tilbod.
- Høve til å trena inntil ein time i veka i arbeidstida.
- Godt leiarmiljø
- Du blir ein del av ei leiargruppe med ambisjonar om å arbeide saman som eit team.
- Omvendt referansesjekk
Informasjon til deg som søkjer:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ynskjervi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Bjørgvin ungdomssenter.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Bønesstølen 12, 5154 Bønes
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Omsorg og sosialt arbeid
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Einingsleiar, Ledelse, Sosialfag, Leder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 400087052
- Sist endret