Dagleg leiar/prosjektleiar
Fjordportalen as
- Frist 15.11.2022
- Ansettelsesform Prosjekt
Fjordportalen Verdsarvsenter - Nærøyfjordområdet
Fjordportalen søkjer etter ein dagleg leiar/prosjektleiar for realisering av UNESCO Verdsarvsenteret knytt til Nærøyfjordområdet. Stillinga vil vere i 50% over to år, 2023/2024.
Etablering av eit Verdsarvsenter knytt til Vestnorsk fjordlandskap – Nærøyfjordområdet har vore ein lang prosess med siktemål å skape ein samlingstad for formidling av verdsarvverdiane, FoU-hub og ein plass lokalsamfunnet og dei besøkjande kan bruke året rundt. Bygget skal vere ein ledestjerne innan berekraft og krinslaupsøkonomi. Verdsarvsenteret vil vere ein viktig del av formidlinga ut til dei fire vertskommunane; Voss, Vik, Lærdal og Aurland.
Fjordportalen Verdsarvsenter
Fjordportalen as er eit nyetablert eigedomsselskap som skal syte for innhaldsutvikling av Odden 15, på Aurlandsvangen i Aurland. Dagleg leiar/prosjektleiar vil få ansvaret for å jobba videre med utvikling av Verdsarvsenteret gjennom hovudprosjektet.
Det er søkt midlar frå Vestland fylkeskommune og dei fire vertskommunane, Vik, Voss, Lærdal og Aurland.
Dagleg leiar/prosjektleiar vil drive prosjektet med bakgrunn i dei overordna verdsarvverdiane, UNESCO sine retningsliner og Fjordportalen sitt mandat. Til grunn for utviklinga av Verdsarvsenteret ligg og føringar gjennom konseptskisser og kostnadskalkyle.
Dagleg leiar vil ha ansvar for å driva prosjektet framover, mot realisering, gjennom administrativ drift, vidare planlegging og utvikling og styrking av nettverksbygging og samarbeidspartnarar. Koordinering av arbeidsgrupper, innhaldsutvikling, kommunikasjon og marknadsføring vil og vere del av arbeidet.
Dagleg leiar vil rapportere til styret.
Arbeidsstaden vil fortrinnsvis vere i Aurland.
Kvalifikasjonar:
Søkjar bør ha høgare utdanning innanfor relevante fagområde, t.d. reiseliv, naturforvaltning, kulturformidling eller arkitektur- og ingeniørutdanning. Erfaring frå leiing, utviklings- og prosjektarbeid og kjennskap til arbeid med verdsarv er eit ynskje.
Personlege eigenskapar:
Realiseringa av Fjordportalen Verdsarvsenter krev at den rette personen har gode samarbeidsevner, er kreativ og utviklingsorientert, strukturert og målretta.
Ynskja kompetanse
Søkjarar bør ha kjennskap til berekraft innanfor bygg, krinslaupsøkonomi og gjenbruk/ombruk. Prosjektet er tufta på FN sine berekraftsmål.
Søkjarar må kunne formulere seg godt, munnleg og skrifteleg.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Odden 15, 5745 Aurland
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Arkitektur, areal og interiør, Forskning, utdanning og vitenskap, Reise og turisme
- Stillingsfunksjon: Arkitekt og planlegging, Koordinering, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Kultur, reiseliv, Verdsarv, Naturforvaltar, Prosjektleiing
Illustrasjon frå fjorden. Mad Arkitekter AS (1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 277699970
- Sist endret