Inaktiv
Festivalsjef
Ryfest SA
- Frist 23.12.2022
- Ansettelsesform Engasjement
Vil du bli vår nye Festivalsjef?
Ryfest SA søker no etterfølgar til vår festivalsjef som slutter etter lang og tru teneste. Me har bygd opp ein festival som står støtt, har sunn økonomi og som har godt rykte og forankring i regionen. Dette ønsker me sjølvsagt skal fortsette, og me er då på jakt etter ein festivalsjef som har følgande egenskaper og kvalifikasjonar:
Ønska kvalifikasjonar:
- Utdanning- og/eller erfaring frå gjennomføring av liknande kulturarrangement, gjerne marknadsarrangement
- Eit godt nettverk i regionen, gjerne både frå kulturliv og næringsliv
- Være sjølvstendig, proaktiv, ha gode samarbeidsevner, kunne engasjere, være i forkant og syte for at ting vert fulgt opp på ein god måte
- Være nyskapande og ha evnen til å sjå måtar å utvikle arrangementet på
- Høg arbeidskapasitet, det vert lange dagar i forkant og under gjennomføring av arrangement
- Ha god økonomiforståelse og kunne både utarbeide budsjett og styre etter dette
- Kjennskap og erfaring med digital markedsføring og SoMe arbeid
- Generelt være ein positiv og målretta leiar for festivalen
Arbeidsoppgåver:
- Totalansvar for gjennomføring av festivalen
- Representere festivalen utad
- Sponsor- og stønadsarbeid
- Booking av artistar og aktivitetar
- Arbeid med å hente inn og følge opp utstillarar, samt utarbeiding av standkart og utstillarområdet
- Ansvar for logistikk, innleige av utstyr og infrastruktur
- Dialog og planlegging av dugnadsarbeidet for festivalen
- Møtevirksomhet med styret, planleggingsmøter med arrangørkomité, innkallingar, referatskriving mm
- Økonomiansvar
Me kan tilby:
- Ein svært kjekk og utfordrande jobb med gode kollegaer i arrangørkomité og styret
- Fleksibel arbeidsdag med mykje frihet så lenge jobben vert fulgt opp på ein god måte
- Ca 25% stilling gjennom året
- Store muligheter for å påvirke og utvikle festivalen i åra som kjem
- Honorar/løn etter avtale (Jobben fordrar i utgongspunktet eige foretak der du fakturerer Ryfest SA)
Kortfatta søknad med cv og referansar kan og sendes på e-post!
Om arbeidsgiveren
Ryfest SA er ein kultur- og matfestival på vakre Hjelmeland i Ryfylke. Festivalen vart arrangert første gong i 1996. Ryfest fremjer landbruk, lokale mattradisjonar, frukt, sider, sjømat, havbruk, kunst, handverk og kultur. Ryfest SA er eit samvirkeforetak som er eigd av fleire lokale andelseigarar, deriblant Hjelmeland Kommune som er den største bidragsytaren til festivalen.
Ryfest har som mål å vera ei festhelg for heile familien, der matglede, kultur og kjekke aktivitetar for heile familien står i sentrum. Viktige og tradisjonsrike Ryfylkenæringar som fruktdyrking, sider, havbruk, landbruk, kunst og handverk får høve til å presentera seg – og lokale artistar står på scena saman med nasjonale. Mange vitjar Ryfest kvart år for å smaka og kjøpa småskala lokalmat, frukt, sjømat, sider, laks og kveite med meire. Antall besøkande ligg på ca 4-5000 i løpet av festivalhelga. Me har rundt 30 kunst- og handverksutstillarar i Spinneriet og rundt 50 utstillarar i Vågen. På kveldstid har me fest og basar, med kjente band, samt mat- og gourmetkveldar mm.

- Nettverk: Facebook
- Sektor: Samvirke
- Sted: Hjelmelandsvågen, 4130 Hjelmeland
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Event og arrangementer, Kunst og kultur, Underholdning
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Festival, Kultur, Underholdning, Prosjektledelse, Event
Annonseinformasjon
- FINN-kode 282714311
- Sist endret