Skrivelærar 25%
Skrivekunstakademiet
- Frist 10.5.2024
- Ansettelsesform Fast
Ledig stilling som skrivelærar
Vi søker ein skjønnlitterær forfattar med fleire utgjevingar bak seg, med hovudvekt innan prosa, samt røynsle frå undervisning i skapande skriving. Det er ei føremon med dokumentert pedagogisk kompetanse. Som skrivelærar vil du spele ei viktig rolle ved ein av landets sentrale litteraturutdanningsinstitusjonar. Stillinga er på 25% og vil høve godt i kombinasjon med eigen skjønnlitterære praksis.
Undervisninga på akademiet tek utgangspunkt i dei litterære hovudsjangrane og er delt inn i kortare periodar, der tekstverkstad med lesing og respons, samt meir teoretisk undervisning vil inngå. Som skrivelærar har ein ansvar for undervisningsperiodar haust og vår, med tilhøyrande gjennomgang av studenttekstar. I stillinga inngår òg rettleiing av studentar, møteverksemd, samt at ein er involvert i sensur og gjennomføring av eksamen.
Stillinga stiller krav til:
· Erfaring med utvikling, gjennomføring og evaluering av kortare og lengre undervisingforløp
· Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, samt evne til å bygge miljø og nettverk
· Kompetanse innanfor litteratur, der høgare grad innanfor litteraturvitskap er ei føremon
· Evne til sjølvstendig arbeid, der ein samstundes er motivert for kunnskapsdeling og tverrfagleg samarbeid
· Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna nordisk språk.
· Erfaring med utvikling av utdanningskvalitet i fagfellesskap
· God institusjons- og rolleforståing
· Personlege eigenskapar vil òg verte tillagt stor vekt
Arbeidsoppgåver:
· Planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning
· Planlegging, evaluering og vidareutvikling av studiet i samarbeid med kollegiet og leiinga
· Delta i fagmiljøet med engasjement for utvikling av undervisnings- og -litterær kompetanse
· Bidra til utvikling av utdanning av høg kvalitet
Noko reiseverksemd i samband med seminar og litteraturfestivalar må òg verte pårekna. Stillinga inkluderer elles eit fast tal møtedagar, og det vil såleis vere ei føremon med bustad i Bergensområdet.
Vi tilbyr:
· Eit sterkt fagmiljø med brei kontaktflate
· Stor grad av fleksibilitet og moglegheit for tilpassing av undervisningsperiodar og arbeidstid
· Moglegheit for fagleg utvikling
· Kontakt med ei mangfaldig studentgruppe
· Moglegheit til å setje preg på framtidas unge forfattarar
· God pensjonsavtale
· Løn etter avtale
Om arbeidsgiveren
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Georgernes verft 12, 5011 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Forskning, utdanning og vitenskap, Kunst og kultur
- Stillingsfunksjon: Faglærer(IT, idrett, kunst), Undervisning og pedagogikk, Utøvende kunst
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Skrivekunstakademiet, Skrivekunst, Forfattar, Skrivelærar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 348694501
- Sist endret