Sjukepleiar til stilling på natt, AFR Askøy
Helse Bergen
- Frist 14.07.2024
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar, for tida på natt
Avdeling for rusmedisin består av fem døgnseksjonar, ein seksjon for forsking, ein LAR seksjon, ein ambulant seksjon og to poliklinikkar. Seksjon Askøy er ein døgneining for stabilisering og døgnbehandling og held til i moderne, flotte lokale kun ein halv times køyretid frå Bergen sentrum. Det er òg godt båt- og bussamband til Askøy.
Seksjon Askøy tar i mot ruspasientar med samansette problem. Vi har 28 senger for elektiv behandling av menn med rusproblem, der ein mellom anna jobbar med indivuell tilnærming og gruppeterapi.
Seksjon Askøy har ledig fast 50% stilling for sjukepleiar, for tida på natt, med arbeid i snitt kvar tredje helg.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefaglege oppgåver og generell pasientoppfølging
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring med arbeid innan rusbehandling og/eller psykisk helsevern er ein fordel
- Gode språkkunnskapar er helt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknaden
Personlege eigenskapar
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og saman med andre
- Du tåler å stå i krevande situasjonar
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Godt arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Avdeling for Rusmedisin, Seksjon Askøy, 5307 Ask
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier, Sykepleier / Psykiatri
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sykepleier, nattstilling, sjukepleiar, askøy, Avdeling for rusmedisin, askøy, AFR Askøy
- FINN-kode 357898535
- Sist endret