![MINORITETEN BEMANNING AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2023/6/vertical-0/01/3/305/595/213_2049280509.jpg)
![Sula kommune logo](https://images.finncdn.no/mmo/logo/object/241260874/iad_1048161733214755064sula_kommune.png)
Autorisert sjukepleiar 69 % fast natt stilling, heimetenesta indre Sula
Sula kommune
- Frist 04.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Autorisert sjukepleiar 69 % fast natt stilling, heimetenesta indre Sula
Vi ser etter ein ny kollega til vår ledige stilling som nattevakt i Heimetenesta indre Sula.
Heimetenesta på indre Sula har totalt 36 medarbeidarar som dekker området frå Vedde til Vegsundbrua. Basen vår ligg ved Nausthaugen, like ved fergekaia i Solavåg. Her har vi kollegaer i ulik alder, med ulik bakgrunn og ulik fartstid. Det vi har felles, er målet om å spele kvarandre gode slik tenestemottakerane får god hjelp av høg kvalitet.
69% stilling utgjer 7 nattevakter på 3 veker. Turnusen er sett opp med samla vakter før èi veke fri, arbeid kvar 3 helg.
Stillinga er ledig frå 1.september 2024, men oppstart kan tilpassast etter behov.
Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat om du trur dette kan vere noko for deg. Nyutdanna er velkomne til å søke stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Faste avtalte oppdrag.
- Utrykkning på tryggleiksalarmar.
- Bistand til terminale pasientar som bur heime.
- Generelle sjukepleieoppgåver og andre oppgåver ved personalbasene.
- Nattevaktene går i team der to sjukepleierar startar og avsluttar vaktene i kvar si personalbase, på indre og ytre Sula.
- Nattevaktene samarbeider også med andre einingar etter avtale og når det er rom for det.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar.
- Du må kunne bruke data og ha gode kunnskaper i norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg.
- Krav om førarkort og politiattest.
Personlege eigenskapar
- Du er god i faget og ein engasjert medarbeidar.
- Du er trygg i rolla di og kan handtere uventa hendingar.
- Du er positivt innstilt, imøtekommande og med god framferd.
- Du er pliktoppfyllande, påliteleg og løysingsorientert.
- Du har gode samarbeidsevne, men også kunne arbeide sjølvstendig.
- Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø og ei stabil personalgruppe med god fagkunnskap og godt omdøme.
- Gode rutiner for opplæring av deg som nytilsett.
- Arbeidskle.
- Kommunale bilar i tenesta.
- Gode arbeidslokale og gratis parkering.
- Løn etter gjeldande tariff. Frå løn vert det trekt 2% til pensjonsinnskot.
Om arbeidsgiveren
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg.
Meir informasjon om Sula kommune.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Pebakken, 6037 Eidsnes
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sjukepleiar, Sykepleier, Nattevakt, Hjemmebasert omsorg, Kommunal omsorg
- FINN-kode 357924516
- Sist endret
Lignende annonser
![MINORITETEN BEMANNING AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2023/6/vertical-0/01/3/305/595/213_2049280509.jpg)
![Uloba - Independent Living Norge SA logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/10/2/360/650/642_35cedee9-dab6-44fc-a6c9-26c2e2da3f55.jpg)
![Mio BPA logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/02/9/359/677/929_a76971b7-7b78-4445-bd4a-3224d3881427.png)
![Ødegaard Engros AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/25/6/358/670/046_faa45368-fcc2-479c-aa33-30f8cc5ccab6.jpg)
![Adecco logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1000015/iad_6427283749306234702adecco_logo_red.png)
![Fiskerstrand Verft AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/04/8/359/863/398_e9b58ee5-9d7e-440f-8dc0-17da8cf5c798.png)
![Uloba - Independent Living Norge SA logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/04/8/359/855/398_6844f582-5f8f-4f3e-a84f-fff7e6e6618f.jpg)
![Personalhuset logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/02/5/359/431/645_cecfc2ae-0e03-402a-ad7b-4236dcf611cf.jpg)
![Vestnes kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/15/7/361/290/797_b3964c3f-d1a5-4714-9f36-e095d81ba7aa.jpg)
![Bilutleie Møre AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/02/1/358/942/081_70461fb9-8c19-4590-86c4-36f068c85efc.png)
![Ecura Bo og Habilitering logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/03/7/359/721/707_072e160d-7274-4849-aa4a-07ec7ce784fa.png)