![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1864419277/iad_838681504734239904bergenkomm.png)
Helsefagarbeidar - Bu og Avlastingstenesta
Osterøy kommune
- Frist 21.07.2024
- Ansettelsesform Fast
Me søkjer etter to dykrige helsefagarbeidarar med langvakt 73,24% og natt 51,41% - Fast
Me søkjer etter to dyktige helsefagarbeidarar med langvakt 73,24% og natt 51,41% - Fast
Om stillinga
Bu- og avlastningstenesta gjer tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonshemningar. Me har no ledig fast 73,24% stilling med langvakter ved Avlastningstiltaket. Stillingen er i arbeidsplan med arbeidshelg kvar 4. helg.
Nattevakten er i arbeid med samanhegande 3 eller 4 netter på 10 timar, med friperiodar som vekslar mellom 6 eller 13 dagar fri. I desse friperiodane er ein satt til personalmøte som er fast kvar 2. veke.
Langvakt har 3 eller 4 langvakter samanhengande med 14 timars vakter i turnus. her og er det friperiodar med 6 eller 13 dagar fri. Her er ein satt til personalmøte i enkelte friperiodar som er fast kvar 2. veke.Avlastningstiltaket yter omsorg til ein undom som treng tydlege, omsorgsfulle og trygge vaksne. Du vil få moglegheit til å delta i eit godt kollegialt arbeidsmiljø som ynskjer det beste for våre tjenestemottakarar.
Arbeidsoppgåver
- Sikre at tenestemottakar får naudsynt bistand i henhold til vedtak, forskrift og retningslinjer.
- Følgje rutinar som er utarbeida i samarbeid med kollegaer og leiinga
- Delta i faglig arbeid rundt tenestemottakar.
- Journalføring. Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk.
- Oppfølging av psykisk og fysisk helsetilstand.
- Praktiske oppgåver i bustaden.
- Andre delegert oppgåver gjeve av leiinga i eininga.
Vi tilbyr
- Ein fagleg utfordrande stilling
- Gode påverknadsmuligheter
- Eit støttande og inkluderande arbeidsmiljø
- Faglig veiledning
- Løn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsvillkår
Kvalifikasjonskrav
- Fortrinnsvis gyldig autorisasjon med relevant fagbrev innen helse, oppvekst eller omsorgsfag.
- Ynskjeleg med erfaring i forebygging og handtering av utfordrende atferd.
- Erfaring frå arbeid med mennesker med utviklingshemming og andre funksjonsnedsettelser.
- Gode kommunikasjonferdigheter og samarbeidsevner.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Førarkort klasse B
- Dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språkferdigheter tilsvarande B1. Gjeld ikkje søkjere med skandinavisk språk som morsmål.
Kven er du?
- Du må vere pliktoppfyllande, tålmodig, rolig, strukturert.
- Du må vere god på å skape tillit og bygge relasjonar.
- Fagleg engasjement er ei føresetnad
- Du må vere ein god lagspelar og bidra aktivt til å ivareta eit godt arbeidsmiljø
Du må vere ansvarsfull, tålmodig og tåle stressande situasjonar
- Du må vere sjølvstendig
- Du må vere trygg på deg sjølve og handtera uforutsette situasjonar med ro og trygghet
- Du er oppteken av å ha eit tett og godt samarbeid med kollegaer, pårørande og andre samarbeidspartnarar.
- Du må ha ei løysningsorientert tilnærming til utfordringane i arbeidet
- Personleg egnethet vil bli tillagt stor vekt
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide (http://www.klp.no/pensjonsguiden?kommune=Oster%C3%B8y%20kommune&nynorsk=1&oftp=1&produkter=123) for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Om arbeidsgiveren
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
- FINN-kode 358028163
- Sist endret
Lignende annonser
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1864419277/iad_838681504734239904bergenkomm.png)
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1864419277/iad_838681504734239904bergenkomm.png)
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-1/17/9/357/670/879_653d1ad6-1a2a-451b-b404-aeb070c19e57.jpg)
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-1/17/1/357/673/201_d33e0559-c84b-4edc-840b-d1a374cb3a93.jpg)
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1864419277/iad_838681504734239904bergenkomm.png)
![Åstveit Helsesenter logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/19/3/361/806/803_8c2b0748-5c56-491f-ad6a-ff11731a7ebb.jpg)
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-1/10/6/360/694/386_24fc0a0c-04b5-4342-831f-194b4302913c.jpg)
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1864419277/iad_838681504734239904bergenkomm.png)
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1864419277/iad_838681504734239904bergenkomm.png)
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1864419277/iad_838681504734239904bergenkomm.png)
![Bergen Røde Kors Sykehjem AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/2137315673/iad_3814771562288020311r_de_kors_ny_logo.png)